Sarah Jane Summers & Juhani Silvola

Intimt, inspirert og intenst med røter i Skottland 

Sarah-Jane er ein respektert tradisjonsberar frå Skottland med master i norsk folkemusikk og improvisasjon frå Norges Musikkhøgskole. Den musikalske stemma hennar er unik, og Summers er med i fleire ensemble og med fleire musikarar: RANT, Elin Kåven, Ingrid Håvik og trioen Mala Fama.

Juhani Silvola er ein ettertrakta gitarist og produsent, som mellom anna har spelt med Erlend Viken Trio, Adjagas, Highasakite, Earlybird Stringband og Elin Kåven.

Musikken deira byggjer for det meste på tradisjonen frå det skotske høglandet, men omfattar også eigne låtar. Duoen har ei open og improvisatorisk tilnærming, med både fele og gitar i solistrolla. Dei får fram ei intim stemning, der musikken blir som ein samtale med både lette og meir alvorlege parti. Som duo får dei fram alle klangmessige og uttrykksmessige sider ved instrumenta sine, og gjennom kreative arrangement og tett samspel skaper dei intense musikkopplevingar for publikum.


Sarah-Jane Summers – fele, hardingfele
Juhani Silvola – gitar

Konsertar:

ONSDAG 3. JULI KL. 20.00 SARAH JANE SUMMERS & JUHANI SILVOLA
GLOPPEN HOTELL, SANDANE

TORSDAG 4. JULI KL. 23.00 SOMMARNATT PÅ JØLSTER
FJORDAMATTUNET, VASSENDEN


FREDAG 5. JULI KL. 21.30 SARAH JANE SUMMERS & JUHANI SILVOLA / DJ99
TELTET, PIKANT RESTAURANT OG BAR






Forrige
Forrige

SARA CORREIA

Neste
Neste

Seckou Keita