SARA CORREIA

Sara Correia - breidde - 3MB.jpg
 

Sidan ho var lita har Sara Correia sunge i dei mest kjende fadohusa i Lisboa. Ho sleppte si første plate i 2018, med den enkle tittelen Sara Correia, med songar ho har sterk band til. -Eg ser meg sjølv i historiene desse songane fortel, og songane er også med på å definere meg som fadosongar. Difor valde eg å sjølv-titulere plata, seier ho.

Ho kjem frå ei musikkfamilie, med fadosongarar i fleire generasjonar. -Eg byrja å synge som ganske liten, minnest ho. Og sjølv om fado-retninga kom på eit tidleg stadium, er det ei hending ho hugsar spesielt godt. -Då eg 13 år gamal vann The Grande Noite de Fado de Lisboa, forstod eg for alvor kva eg ville bruke livet mitt på: Fado.’ Etter denne sigeren i den mest prestisjetunge fadokonkurransen i Portugal, vart ho ho invitert til eit av dei viktigaste fadohusa, Casa de Linhares, der ho var heldig og fekk synge med nokre av dei verkeleg store fadostjernene, som Celeste Rodrigues, Jorge Fernando og Maria da Nazaré. -For meg var dette sjølve fadista-skulen, fortel ho, og det ho lærte der har vore svært viktig for ho. -Å synge i fadohusa er heilt avgjerande for meg. Det er obligatorisk. Her får du overlevert tradisjonane, og du lærer å bruke stemma di og utvikle identiteten din som songar. Kveld etter kveld syng du som det gjeld livet. Alle dei store fadosongarane i dag, og opp gjennom historia, har ‘funne seg sjølv’ i eit fadohus.

I oppveksten høyrde ho på, og lærde av, Amália Rodrigues, ‘den ultimate fadosongaren’. Inspirasjonen frå henne har betydd mykje heile vegen. Andre inspirasjonskjelder har vore Fernanda Maria, Beatriz da Conceicão og Herminia Silva.

I tillegg til å opptre på fadohusa, har Sara Correia hatt konsertar på kjende scener og kjende festivalar, som Centro Cultural de Belém, Caixa Alfama og Caixa Ribeira, og den største konsertsalen i Portugal, Altice Arena. I det siste har ho også Ho har også medverka i ein fransk TV-serie (Une Famille Formidable) og ein portugisisk film, Alfama em Si. I filmen har ho rolla som ein historisk fadokarakter, og på rollelista står nokre av dei mest kjende skodespelarane i Portugal.  

I 2018 kom hennar første plate, produsert av Diogo Clemente. Med seg har ho musikarane Angelo Ferreira, utan tvil ein av dei ypperste på portugisisk gitar i sin generasjon, Marino de Freitas på bassgitar, Vicky Marques på perkusjon og Ruben Alves på piano. Plata er gjeven ut på Universal Music Portugal, som også er plateselskapet til Carlos do Carmo, Ana Moura, António Zambujo, Cristina Branco og Marco Rodrigues.

Portugal produserer stadig nye fadosongarar, men akkurat no er Sara Correia sitt namn på alle sine lepper. Hennar formidling av historiene kjærleik, kjensler, lengt og glede, den portugisiske folkesjela og livet i Lisboa har gjort ho til allemannseige i heimlandet. Ei ærleg fadostemme. Ein audmjuk tradisjonsbærar, som er på sitt lukkelegaste når ho får synge og kvar dag arbeide med folk ho ser opp til og lærer av.

 
 
PortugalTorill Faleide