RURA

 

Letthøyrd og fengande instrumental frå Skottland

RURA har innkassert ei rekkje prisar, og er ei av dei mest etterspurde folkemusikkgruppene i Skottland. Dei turnerer i inn- og utland, og har kome ut med tre plater som alle har hausta gode kritikkar. Den siste plata kom så seint som i juni 2018.

Musikken er ei klassisk skotsk blanding av feler, sekkepiper, fløyte, bodhrán og gitar - og repertoaret ein miks av tradisjon og nytt materiale. Med sine kraftulle, velarrangerte og fengande instrumentalar, har RURA vore midtpunkt på mange av verdas mest kjende festivalar, og no kjem dei altså endeleg til Førdefestivalen. Og endåtil med ein tjuvstart på Haavebua i Florø onsdag kveld.

 

Jack Smedley - fele
Steven Blake - sekkepiper, plystring
Adam Brown - gitar
David Foley - bodhrán, fløyte

 

Konsertar:

Onsdag 3. juli kl. 20.00 Rura
Haavebua, Quality Hotel Florø

Torsdag 4. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Verda i Førde

Idrettshallen, Førdehuset

Fredag 5. juli kl. 23.00 Fredagsfest: Rura/Sver
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

 
Forrige
Forrige

Ross Daly Quintet

Neste
Neste

Samurai Accordion