Johanne Flottorp

Johanne Flottorp - grønt - fotoHeidiFure.jpg

Johanne Flottorp frå Åmli gav hausten 2018 ut si første soloplate med slåttar frå heimtraktene og områda rundt. Spelestilen hennar er energisk og kraftfull, og ho jobbar med det råe og kvasse i uttrykket der det trengst, kombinert med det såre og vare der det høver betre.

Johanne har utvikla ein personleg spelestil og ei eiga stemme i slåttespelet, og dette legg ho til grunn i alt ho gjer, samstundes som ho på best mogleg måte tek vare på det kjeldene og læremeistrane hennar har jobba fram i slåtteformene ho bruker.

I 2017 blei Johanne uteksaminert frå Noregs musikkhøgskule, der ho har konsentrert seg om spelet frå Tovdal, Setesdal og Vest-Telemark dei siste åra. Kort tid etter eksamen gjekk ho igang med å førebu plateinnspelinga, og i april året etter var ho i Ormøy kirke saman med teknikar og produsent Niels Jørgen Røine og spelte inn favorittslåttane sine. Blant dei er alt frå velkjende setesdalsgangarar i nye former til ukjende teleslåttar som ikkje legg noko imellom.

Utanom å vere soloutøvar på hardingfele, gjer Johanne seg bemerka med fela i Oslos stadig veksande country/amerikana-miljø. Der spelar ho i blant anna The Northern Belle, som gav ut eit album der fleire av dei største avisene i landet henta fram dei høgaste terningkasta. Mange meinte at det var nettopp felespelet til Johanne som gjorde at dette ikkje høyrdes ut som alt anna i det samme segmentet.

 

Sagt om:

 «Her har du ein utøvar som har gjeve seg sjølv oppgåva å gjere slåttane til sine eigne, men med stor respekt for kjeldene. Flottorp si plate er rett og slett glitrande. (…) Flottorp gjer noko så fantastisk som å «berre» spele bra, utan fiksfakseri og utan store rop ut om det eine eller det andre», Folkemusikk

 «Det låter uansett fortryllende.», Dagens Næringsliv


«Det hörs att hon har suttit på övningsrum i många år och lärt sig instrumentet och traditionen in i minsta detalj. Hennes ton är väldigt mjuk och säker. (…) Johanne Flottorp är en ung och lovande musiker som fräschar upp den norska hardingfelevärlden.», Lira

 
NorgeTorill Faleide