KARL SEGLEM

Karl Seglem - ved fjord - fotoOApneseth-8373-2MB.jpg

Musikken til Seglem vert ofte omtala som rotnorsk world-jazz. Ein finn ikkje andre ensemble med den instrumentsamansetninga Seglems band har. Det å kobla hardingfele med elektriske instrument, trommer, bukkehorn og tenorsax - i eit band med mykje improvisasjon, er eineståande.

Musikken ligg i grenselandet mellom det tradisjonelle og det moderne. Samklangen mellom Seglem sin tenorsax og hardingfela til Håkon Høgemo er tett og unik. Unik og universell. Seglem har jobba lenge med å utvikle sitt eige univers, og har langt på veg lukkast i å forma eit særpreg han er åleine om. 

Stuart Nicholson i Jazzwise og Terje Mosnes i Dagbladet har begge poengtert at ingen tek arven etter Jan Garbarek vidare på ein så personleg, kraftfull og eigenarta måte som Karl Seglem. Han er tildelt norsk jazz si høgste utmerking, Buddyprisen. 

 

Dagbladet:

”Flere opererer i dette ureine jazz/folk-farvannet, og det ikke uten hell, men bortsett fra Jan Garbarek på sitt beste er knapt noen i nærheten av Karl Seglems uttrykksnivå og kraft” Terning 6

 

Karl Seglem, ten.sax, bukkehorn, stemme

Håkon Høgemo, hardingfele

Sigrid Moldestad, hardingfele, vokal

Lars Jakob Rudjord, tangentar

Andreas Ulvo, tangentar

Hallvard Gaardløs, bass

Kåre Opheim, trommer

 
NorgeTorill Faleide