Indre Sunnfjord Spelemannslag

 

Indre Sunnfjord Spelemannslag har gjennom mange år markert seg som eit av landets aller fremste spelemannslag, og driv aktivt med konsertar og dansespel. På merittlista står ei rekkje kappleikssigrar, og laget kan dessutan skilte med eit omfattande rekrutteringsarbeid innan spel og dans.

Blant medlemmene er det fleire framståande solistar og grupper som har markert seg både lokalt og internasjonalt. Slåttemusikken frå Sunnfjord er eit naturleg fokus for laget, men på reportoaret står også musikk frå resten av Vestlandet.

Indre Sunnfjord Spelemannslag vart skipa 9. februar 1969. Øvingane den første tida var på Heimyrkjeskulen på Vassenden, med Einar Bakkane frå Naustdal som musikalsk leiar. I 1973 tok Sigmund Eikås frå Jølster over som musikalsk leiar, og det har han vore sidan!

 

Konsertar:

Torsdag 4. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster
Jølstramuseet, Vassenden

 Lørdag 6. juli kl. 22.30 Dans, dans, dans!
Festsalen, Førdehuset
kjøp billett ved inngang

 
Forrige
Forrige

Hemsing / Larsen - To damer To Herrer

Neste
Neste

Jens Linell