Hemsing / Larsen - To damer, to herrer

To damer to herrer - FotoSirkel Foto.jpeg

 ”– Dette var magisk! Det er det største jeg har vært med på! Jeg klarte nesten ikke å puste! Slik lød kommentarene av de som opphøyd gikk ut av kirken lørdag kveld.” Den var ikkje akkurat beskjeden, omtalen vi kunne lese i avisene etter debutkonserten til To Damer, To Herrer. Når Eldbjørg og Ragnhild Hemsing og Gjermund og Einar Olav Larsen held konsert på Førdefestivalen, er det duka for nok ei heftig oppleving med desse søskenpara, som på kvart sitt felt er rekna blant dei leiande i Norge. Programmet deira spenner frå folkemusikk frå Valdres og Trøndelag, til verk av Bach, Ole Bull og kvartetten sin eigen Gjermund Larsen!

Eldbjørg og Ragnhild Hemsing formidlar sin musikalske bodskap med frisk virtuositet og når ut til eit breitt publikum med sin måte å formidle på. Dei har begge vunne ei rekkje førsteprisar og fått andre utmerkingar i norske og utanlandske konkurransar.

Larsen-brødrene fører vidare den sterke tradisjonen etter Hilmar Alexandersen både solo-, duo- og trioformat. Einar Olav er også i Frigg og P.A. Røstad. Gjermund i Christian Wallumrød ensemble, har spelt med Kringkastingsorkestret, Trondheimsolistene og Det norske solistkor. Dei to siste med eigne tingingsverk. Gjermund har også eit sitat hengjande ved seg, som er illustrerande: Han ser ut som Jesus, og spelar som Gud!


Eldbjørg og Ragnhild Hemsing
fele og hardingfele

Gjermund og Einar Olav Larsen fele

NorgeTorill Faleide