Dimitris Mystakidis

Dimitris Mystakidis.0067-2.jpg

Gresk rembetika - i Amerika

Dimitris Mystakidis er ein legendarisk multi-instrumentalist som har arbeidd med det meste av komponistar, musikarar og vokalistar i Hellas. Han vaks opp i Thessaloniki, og appetitten på musikk vart vekt av ein lærar som brukte halve skuledagen til musikkundervisning. Mora sin kjærleik til rembetika, saman med den store rembetika-bølgja i Hellas på 80-talet, vart avgjerande då han som 16-åring valde musikk som yrke. Fire år seinare hadde han tent nok pengar til å starte på musikkonservatoriet. I dag er han musikkprofessor ved Epirus School of Art og ved Universitetet i Makedonia.

I dei siste 20 åra har gitar-virtuosen fordjupa seg i historia og røtene til den greske rembetikamusikken.  Amerika-prosjektet er ei samling rembetikamusikk skriven av grekarar som immigrerte til USA i perioden 1890-1930. Dei søkte eit nytt heimland, men musikken sin, rembetikaen, hadde dei med seg. Dei dyrka den og utvikla sin eigen måte å spele gitar på - tsibiti - inspirert av afro-amerikanske gitarbluesgitaristar.

I tillegg til å gje oss si heilt personlege tolking av den vakre rembetikamusikken som slo rot i Amerika, fortel Mystakidis også historia om immigrantane og det nye heimlandet. Gjennom filmglimt, foto og brev, får vi eit sterkt og levande møte med personlege skjebnar frå ei tid då grekarane sjølv var på flukt.

Dimitris Mystakidis - gitar


Torsdag 5. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster
Jølstramuseet, Vassenden              


Fredag 6. juli kl. 21.00 Columbi Egg
Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa


Laurdag 7. juli kl. 18.30 Dimitris Mystakidis - Amerika
Teatersalen, Førdehuset

AmerikaGasta Design