Elida Almeida

ElidaAlmeida_17581.jpg

Den nye stjerna frå Kapp Verde

Vinnaren av Prix Découvertes Rfi i 2015, unge Elida Almeida, er fødd for 24 år sidan på Kapp Verde-øya Santiago og har utvikla songtalentet sitt ved å synge i kyrkja. Ho har bygd musikkulturen sin ved å lage radioprogram på ein lokal stasjon i Maio, der ho vaks opp, etter at faren døydde. Ho reiste rundt med mora og selde varer, og tok hand om småsøsken.

Elida Almeida er målmedviten, og ein overtydd forkjempar for retten til utdanning. Ho veit kva ho vil, og etter fullført vidaregåande skule, forlet ho landsbygda for å satse på musikken - og skape seg eit liv av kjærleikssongane og kampsongane sine. Med si varme, særeigne stemme, kombinert med mjuke og elegante rytmar frå batuque, funana og morna, minner ho mange om Kapp Verde si  store songdronning, Cesaria Evora (1941-2011). Første plata hennar, Ora doci, Ora margos, vart ein umiddelbar suksess i Europa, og  for tida er Elida Almeida det heitaste namnet på musikkscena på dei eksotiske øyane vest for Afrika. Konsertane med Elida Almeida er som ein varm sommarbris - som sol på kroppen, vind i håret og sand mellom tærne. Gå for all del ikkje glipp av denne nye stjerna frå Kapp Verde!

Elida Almeida  - vokal
Hernani Almeida - gitar
Nelida Da Cruz - bass
Diego Neves - tangent, trekkspel
Magik Santiago  - tromme


Laurdag 7. juli kl. 20.30 Festivalgalla
Idrettshallen, Førdehuset


Søndag 8. juli kl. 15.00 Elida Almeida
Idrettshallen, Førdehuset

Kapp VerdeGasta Design