Anne Hytta

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Telemarking med stor sans for musikalsk ‘snirkleri’

Anne Hytta kjem frå Sauland i Telemark og er busett i Oslo. Som hardingfelespelar og komponist arbeider ho både med tradisjonsmusikk og nyskriven musikk.

Læremeisteren hennar frå ho var 11 år, var Einar Løndal frå Tuddal i Telemark, og Løndalspelet er på mange måtar Anne Hytta sitt musikalske morsmål. Dei smidige linjeføringane i den gamle slåttemusikken er utgangpunktet for alt det musikalske arbeidet til Anne Hytta, som er involvert i mange ulike prosjekt, frå middelaldermusikk til improvisasjon, frå solo til større ensemble.

Prisar har det vorte fleire av, mellom anna fekk ho Spellemannprisen for plata short stories med trioen sin, Slagr, og ny Spellemann vart det på Hytta i år, for soloplata STRIMUR, som ho òg fekk Folkelarmprisen for i november 2017.

Folkemusikeren og komponisten Anne Hytta fortsetter å imponere, og ikke minst overraske, med sin målbevisste nyskapende søken, blant annet etter hardingfelas innerste vesen. 

— Svein Andersen, Aftenposten

Laurdag 7. juli kl. 12.00 Soloscena: Anne Hytta
Haarklousalen, Førde kulturskule

Forrige
Forrige

9 grader nord

Neste
Neste

Audun Stokke Hole alias Audinho da Vitrola