9 grader nord

Vil utfordre ditt musikalske kosthald

9 grader nord for ekvator ligg byen Jaffna, på øya Sri Lanka, der halvparten av bandmedlemmene stammar frå. Og det heile starta med søstrene Mira og Dipha Thiruchelvam sin fløyteduo. Dei har forresten òg vore aktive i prosjektet «Fargespill» som tidlegare har gjort stor suksess under Førdefestivalen. Til 9 grader nord ønskte søstrene forsterkingar, og fekk med perkusjonist Jakob Sisselson Hamre, og bassist Jakob Sønnesyn, og sidan har kvartetten servert si heilt spesielle blanding av ulike sjangrar - baila, flamenco, karnatisk og jazz - til eit stadig større publikum. Etnisk progressiv er merkelappen dei sjølv set på musikken sin, som har eit energisk, mystisk og rytmisk lydbilde. Og visjonen dei fire unge musikarane har, er å utfordre publikum sitt musikalske kosthaldved å servere  nye musikalske ingrediensar!

Frå første gong kvartetten spelte på Festspillene i Bergen våren 2015, har suksessen rulla. Etter konsertar på By:larm og andre bransjefestivalar tok det heilt av. Speleoppdraga har stått i kø, og etter tallause konsertar på klubbscener og festivalar har 9 grader nord for lengst skaffa seg eit sterkt ry som leverandørar av forfriskande musikk for den nysgjerrige musikkelskar - dei som ønskjer seg musikk i klassen “nær, morsom, og veldig, veldig dansbar”, for å sitere Vinjerock. At dei vil skape feststemning på Larris Scene, er vi ikkje det minste i tvil om.

Mira Thiruchelvam - gitar, vokal, fløyte
Dipha Thiruchelvam - gitar, vokal, fløyte
Jakob Sisselson Hamre - perkusjon
Jakob Sønnesyn - bass


Fredag 6. juli kl. 23.00 Fredagsfest med 9 grader nord og Fanfaraï Big Band
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Anne Hytta