Bulgarian Voices Angelite

 

Verdskjend vokalensemble frå Bulgaria

Stemmene deira er fasinerande og mektige. Songstilen og ornamentikken er arkaisk og distinkt og har røter som går fleire hundreår tilbake i dei lokale tradisjonane i heimlandet. I 25 år har Angelite-koret vore dei fremste utøvarane av ein av dei mest kjende folkemusikktradisjonane i verda, den fleirstemte kvinnesongen frå Bulgaria.

På CV-en har dei både Nobelpris-konsertar og opptredenar for kongehus i Europa og Maharajahen av India. Dei har bergtatt publikum på den Raude plass i Moskva, og i kyrkjer og konserthus over heile verda; turnéane deira internasjonalt har gått kontinuerleg. Dei har gitt ut ei mengd kritikarroste album og vore nominert til Grammy fleire gonger.  Samarbeidspartane deira har vore mange og mangfoldige, frå overtonesong-legendene Huun-Huur-Tu (Førdefestivalen 2016) til hip-hop band og klassiske musikarar.

Det var først etter at jernteppet fall at verda fekk kjennskap til denne songskatten, framført med særeigen harmonikk, ornamentering og stemmebruk som var heller uvande for vestlege øyre. Songane er arrangert med svært tette harmoniar, og bruk av glissando og intrikate rytmar, og med ein stemmebruk som mange oppfattar som instrumental. Nokre forbind klangen med fjerne austlege kulturar, andre med middelaldermusikk, andre igjen med samtidsmusikk.

Koret oppstod som ein fugl føniks etter oppløysinga av det statlege TV-koret i 1952, og har sidan utvikla sin eigen stil, basert på songkulturen i Bulgaria og resten av Balkan, men òg med impulsar både frå andre sjangrar og andre kulturar. Dagens utgåve av Bulgarian Voices Angelite kan fort ta pusten frå deg.  Under festivalen står dei på scena under den tradisjonsrike kyrkjekonserten i Førde kyrkje fredag 7. juli, og er du av dei heldige, får du plass på songkurset deira tidlegare same dag!

 
 

Stoyanka Andreeva
Tzetza Bekova
Ekaterina Bogdanova
Velichka Chausheva
Biserka Danova-Pilarska
Tatyana Duparinova
Galya Haralambieva Petrova
Tonia Iankova
Nadezhda Ilieva
Kostadinka Inkova
Sonya Keremetchieva
Yuliva Koleva
Georgi Petkov
Valeria Petrova
Kostadinka Ratsova
Elka Simeonova
Bilyana Sokolova
Radostina Stefanova
Vanya Vakari
Tanya Velichkova
Nadya Vladimirova

 
 

Konsertar:

fredag 7 jul 2017 09:30
kurs: Bulgarske songar
Førdehuset

fredag 7 jul 2017 21:30
Bulgarian Voices Angelite
Førde kyrkje


BulgariaTorill Faleide