Bjørgo & Reistad

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Med inspirasjon frå norsk, svensk og keltisk folkemusikk

Ingunn Bjørgo er ein norsk låtskrivar og musikar på toradar og trekkspel som har ein stor produksjon bak seg. Musikken hennar har nådd eit publikum langt utanfor folkemusikk- og gamaldansmiljøet, og har vorte brukt av mellom andre NRK og Helene Bøksle. Ho har fleire plateinnspelingar med spelemannslaget Askerladden, Ingunn Bjørgo Band og Bjørgo & Reistad. Ingunn Bjørgo er også sentral i folkemusikk- og trekkspelmiljø i Norge.

Åsmund Reistad er multiinstrumentalisten som trakterer det meste av strengeinstrument, men aller mest går det i gitar, kontrabass og mandola. Han er først og fremst kjend gjennom folkemusikken, der han starta karriera si med Chateau Neuf Spelemannslag, som danna opptakta til bandbølgja som traff den norske folkemusikken på 90-talet. I tillegg til duoen med Ingunn Bjørgo, har han fleire andre ensemble, til dømes med Åsmund Nordstoga.

Duoen Bjørgo & Reistad gav ut si første plate i 2015; Huskelappen, med eigenskriven musikk inspirert av norsk, svensk og keltisk folkemusikk, og i Førde spelar dei opp til dans!

 
 

Konsertar:

torsdag 6 jul 2017 21:30
Dansen går i Førdehuset - torsdag
Festsalen, Førdehuset

Dansen går i Førdehuset er inkl. i billett til Opningskonserten.

Enkeltbillett til Dansen går kjøper du på Billettkontoret i Førdehuset.
 

fredag 7 jul 2017 21:00
Dansen går i Førdehuset - fredag
Festsalen, Førdehuset

Dansen går i Førdehuset er inkl. i billett til Mokoomba-konserten.

Enkeltbillett til Dansen går, kjøper du på billettkontoret i Førdehuset. 

NorgeTorill Faleide