Hemsing og Larsen - TO DAMER TO HERER

Musikkmagi frå to søskenpar

 ”Applausen og superlativene ville ingen ende ta etter at «To damer/to herrer» hadde bukket og takket for seg etter den store Hilmar-konserten i Steinkjer kirke. – Dette var magisk! Det er det største jeg har vært med på! Jeg klarte nesten ikke å puste! Slik lød kommentarene av de som opphøyd gikk ut av kirken lørdag kveld.” Den var ikkje akkurat beskjeden, omtalen vi kunne lese i avisene etter debutkonserten til To Damer, To Herrer.

Når Eldbjørg og Ragnhild Hemsing og Gjermund og Einar Olav Larsen held konsert på Førdefestivalen, er det duka for nok ei heftig oppleving med desse søskenpara, som på kvart sitt felt vert rekna bland dei leiande i landet. Dei presenterer eit program som spenner frå folkemusikk frå Valdres og Trøndelag, til verk av Bach, Ole Bull og kvartetten sin eigen Gjermund Larsen!

Eldbjørg og Ragnhild Hemsing formidlar sin musikalske bodskap med frisk virtuositet og når ut til eit breitt publikum med sin måte å formidle på. Dei har begge vunne ei rekkje førsteprisar og fått andre utmerkingar i nroske og utanlandske konkurransar. Dei er kjende både frå radio og TV-program, og begge og kvar for seg store solistoppdrag med profesjonelle orkester innanlands og utanlands.

Brørne Gjermund og Einar Olav Larsen frå Verdal fører vidare den sterke tradisjonen etter Hilmar Alexandersen. Dei spelar solo, duo og eller med eigne trioar. Einar Olav er også i Frigg og P.A.Røstad. Gjermund er i Christian Wallumrød ensemble, har spelt med Kringkastingsorkestret, Trondheimsolistene og Det norske solistkor. Dei to siste med eigne tingingsverk. Gjermund har også eit sitat hengjande ved seg, som er illustrerande: Han ser ut som Jesus, og spelar som Gud!

Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, Gjermund og Einar Olav Larsen alle fele og hardingfele

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Hekla Stålstrenga

Neste
Neste

Håkon Høgemo & Einar Mjølsnes