Håkon Høgemo & Einar Mjølsnes

Vestlandsmøtet

Om Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes kan vi kanskje seie at dei er to alen av same stykket: Meisterspelemenn og sterke tradisjonsberarar frå Vestlandet. Dei utgjer også dei to mannlege tredelane av trioen Gamaltnymalt (den kvinnelege tredjeparten er Sigrid Moldestad) som vann ein populær Spellemannpris i 2005.

Håkon Høgemo frå Årdal er ein av dei mest nytta felespelarane i landet, og kjend for sitt mangeårige samarbeid med Karl Seglem. Han vann også Spellemannprisen så tidleg som i 2000 for plata Solo. Einar Mjølsnes er frå Voss, og spelar mellom anna i gruppa Tørvikbygd.

Denne tett-på-konserten vert eit møte mellom to tydelege og sterke tradisjonsberarar. Dei kjem med eit repertoar som i hovudsak er vestlandsk, med fokus på Sogn og Voss.

Håkon Høgemo hardingfele
Einar Mjølsnes
hardingfele