Om menneska og tida på tusenårsstaden 

 
Hilde Bjørkum i Førdefestivalen, Janne Karin Støylen i Rom for Ord, Grete Skaar Sunde ved Jølster bibliotek og jølsterprest Silje Sørebø samarbeider om konserten med TIDEKVERV og det litterære kveldssetet på Ålhus torsdg 21. september. 

Hilde Bjørkum i Førdefestivalen, Janne Karin Støylen i Rom for Ord, Grete Skaar Sunde ved Jølster bibliotek og jølsterprest Silje Sørebø samarbeider om konserten med TIDEKVERV og det litterære kveldssetet på Ålhus torsdg 21. september. 

 

Bergsveinn Birgisson skriv om den lesande bonden. Akkurat slik vi kjenner han, særleg frå Ålhus der den eldste bokringen i landet vart etablert i prestegarden kring 1890. Vi er inspirerte av figurane hans når vi lagar litteraturhus på vår måte kring om i grendene.  At prestegardsstovene er rette staden for eit møte med den islandske forfattaren, der vi heilt sikre på!      

Biblioteksjef på Jølster, Grete Skaar Sunde, inviterer til litterært kveldssete i prestegarden etter konserten ”Tidekverv” i Ålhus kyrkje førstkomande torsdag 21. september. – Vi tenkjer akkurat på same måten når vi ser etter scener for konsertane våre, forklarer direktør Hilde Bjørkum i Førdefestivalen.  Denne gongen ville vi vere i kyrkja på Ålhus, den har ei veldig fin atmosfære, god akustikk og den er passeleg stor. Men det er noko meir som tilseier at vi vil vere her. Ei magekjensle, eller ein intuisjon kanskje?  Konserten ”Tidekverv” heidrar tida og livet som vender seg med den. Tusenårsstaden på Jølster er rette staden for denne konserten, forklarer Hilde Bjørkum.

TIDEKVERV: Berit Opheim, Rolv Lislevand, Benedicte Maurseth og Håkon Mørch Stene - konsert i Ålhus kyrkje torsdag 21. september. 

TIDEKVERV: Berit Opheim, Rolv Lislevand, Benedicte Maurseth og Håkon Mørch Stene - konsert i Ålhus kyrkje torsdag 21. september. 

Gangarar, springarar, lyarslåttar og nydikta vakre balladar om sola og det mest essensielle i liva våre. Berit Opheim og Benedicte Maurseth sitt nye folkemusikkverk vert framført kring vårjamndøgn, sommarsolkverv, haustjamndøgn og vintersolkverv. Torsdag 21. september er det altså klart for haustjamdøgnskonsertpå Ålhus, og med seg har dei Rolf Lislevand på lutt og el-gitar, og Håkon Mørch Stenepå vibrafon, perkusjon og elektronikk

Møt Bergsveinn Birgisson i prestegarden på Ålhus. 

Møt Bergsveinn Birgisson i prestegarden på Ålhus. 

Bergsveinn Birgisson har saman med Erlend Nødtvedt har skrive vakre tekstane til Tidekverv-balladane. – Både i balladane og i forfattarskapen elles opplever eg at dette temaet går igjen: Han skildrar menneske som har sterke røter i omgjevnadane sine. Nett slik eg har lært jølstringane å kjenne.  Eg frydar meg over tekstane hans, og gler meg stort til å samtale med han heime i prestegarden, smiler sokneprest i Jølster Silje Sørebø.

Kring 1890 tok dåverande sokneprest i Jølster Christian Astrup initiativ til å skipe ein lesering på Ålhus, og inviterte til møte i prestegardsstovene”Læseselskabet Ungdomshåbet”. Bokringen har teke nye namn, og møta har gått på omgang på gardane heilt fram til i dag. - No er det på det på tide at Ålhus bokring kjem i prestegarden igjen, oppmodar den litteraturglade soknepresten.

 

 

 
Torill Gundersen