Førdefestivalen søkjer vikarar

Vi gler oss over at to av dei faste i Førdefestivalstaben er i lukkelege omstende og vil få hendene fulle med heilt andre viktige gjeremål enn å skape festivalopplevingar for tusenvis av publikummarar 4.- 8. juli 2018. 

Dette betyr at vi no er på jakt etter deira erstattarar i eitt års tid, og at DU eller nokon du kjenner får sjansen til å arbeide som ARRANGEMENTSSJEF eller PRODUSENT i ein av dei mest profilerte norske festivalane. Begge stillingane er 100% stillingar, og vikariata startar høvesvis 1. januar og 5. februar, og varer ut 2018. Sjå detaljar i annonsen under.

Søknadsfrist for begge vikariat er 10. oktober 2017.

FF Stillingsannonse Arr.sjef og produsent 160x280.jpg
Torill Faleide