Referat frå Førdekonferansen 2017

Foto: BlackStarJournal-David Bowen

Foto: BlackStarJournal-David Bowen

Tekst: Åslaug Timenes Bell

 

Klangen av Norden var ikkje berre tema for Førdefestivalen 2017, men låg òg i botn for årets utgåve av Førdekonferansen. I 2017 har Noreg formannskapet i Nordisk ministerråd, der eitt av satsingsområda denne perioden er kreative næringar. Med dette som bakteppe vart Førdekonferansen avvikla som ein todelt seanse, med Nordisk identitet og Kreative næringar som overskrifter. Velrenommerte innleiarar frå heile Norden var henta inn for å servere tilhøyrarane nye innsikter og perspektiv, men òg å engasjere til diskusjon og refleksjon. Det nordiske perspektivet sette tydeleg preg på konferansen både i val av innleiarar og tema, og gav dei mange lokale konferansedeltakarane høve til å løfte blikket og sjå på heimlege forhold i nytt lys.

 

DEL 1 – NORDISK IDENTITET

I første del av konferansen løfta innleiarane store spørsmål om fellesskap, likskap og ulikskap i Norden, i historisk, samtidig og framtidig perspektiv. Etter velkomsthelsingar frå Førde-ordførar Olve Grotle og Tone Winje, styreleiar for festivalen, fekk stortingspresident Olemic Thommesen setje standarden for dagen i sitt innleiingsføredrag. Han peikte på at ein konferanse om nordisk identitet kan handle om kor like, eller kor ulike vi nordbuarar er – ein diskusjonen som har lange historiske røter. Fellesskapen oss nordbuarar imellom er sterk fordi vi er like nok til å forstå kvarandre, men ulike nok til å interessere kvarandre. Denne balansen gjev ein nordisk meirverdi som kan og bør utnyttast som ein styrke, endå meir enn i dag. Thommesen oppmoda særleg kulturlivet til å i større grad dyrke fellesnordiske prosjekt og ambisjonar. I tråd med dette etterlyste han betre ordningar for å skape ein fellesnordisk infrastruktur, i form av ei sams kultur-, politikk- og medie-offentlegheit, ei tverrnordisk opphavsrettsavtale for å styrke ein nordisk kulturmarknad, og ein felles kulturorganisasjon for å kunne flagge nordisk kultur samla ut i verda, og slik setje langt kraftigare fotavtrykk enn våre små nasjonar greier kvar for seg.

Fellesskapen oss nordbuarar imellom er sterk fordi vi er like nok til å forstå kvarandre, men ulike nok til å interessere kvarandre. Denne balansen gjev ein nordisk meirverdi som kan og bør utnyttast som ein styrke, endå meir enn i dag.
— Olve Grotle, ordførar i Førde
Foto: ©BlackStarJournal - David Bowen

Foto: ©BlackStarJournal - David Bowen

Språkvitar Sylfest Lomheim følgde opp Thommesen med å understreke at skilnadene i det fellesnordiske skaper styrke. Hans tema, språkleg fellesskap i Norden, synte historiske og notidige skilnader og likskapar i praksis. Lomheim skildra korleis særtrekk og likskapar ofte vert tydelegare på avstand; i globalt perspektiv er dei nordiske landa mest som nabogrender å rekne, medan vi som bur her ofte kan sjå oss blinde på forskjellane. Særleg gjeld det dei skandinaviske landa, der statane – og språka – historisk sett har langt meir til felles enn det som skil. Når ein ser på språksituasjonen i Skandinavia i dag, syner forsking at nabospråkforståinga vert dårlegare. Dette skjer sjølv om dagens medie- og teknologiutvikling gjev auka eksponering for dei andre skandinaviske språka. Lomheim meinte låg personleg motivasjon og dårleg undervisning har mykje av skulda – og i tillegg stadig meir bruk av engelsk blant anna i næringslivet. Sluttappellen til Lomheim var difor: bruk dei nordiske språka aktivt, det styrkar samhaldet, fellesskapen og særpreget i Norden!

Bruk dei nordiske språka aktivt, det styrkar samhaldet, fellesskapen og særpreget i Norden!
— Sylfest Lomheim, språkvitar
FørdeKonferansen2017_©BlackStarJournal_DavidBowen-10.jpg

Per Voetman, kultursjef i Lolland kommune og tidlegare direktør i Kulturkontakt Nord, innleia under overskrifta Nordisk kultursamarbeid 2017 – ein saga blott, eit offisielt alibi eller eit land med mulegheiter? Ifølgje Voetman har spørsmåla tydelege svar. Den nordiske kultur- og verdifellesskapen finst og er i utvikling.

Det må heller ikkje bli slik at ein støttar fellesnordiske prosjekt berre ”for Nordens skuld”, men fordi nordisk samarbeid har ein reell og viktig meirverdi.
— Per Voetman, kultursjef i Lolland

Sentrale felles verdiar er mellom anna tillit, likskap, låg maktdistanse, inkludering og respekt for naturen – verdiar vi deler og som bind oss saman. Det finst i dag ei rekkje nordiske fellesskapsorgan, som nettopp arbeider målretta for å støtte og fremje fellesnordisk kulturelt samarbeid. På Nordisk ministerråd sitt budsjett utgjer kulturposten eksempelvis heile 18,5%, noko som syner sterkt engasjement for nordisk kulturutvikling! Voetmann kom likevel med to åtvaringar; ein må ikkje la seg blende av nye prosjekt og berre søke utvikling, men også arbeide aktivt for å forvalte prosjekt og ordningar som allereie finst. Det må heller ikkje bli slik at ein støttar fellesnordiske prosjekt berre ”for Nordens skuld”, men fordi nordisk samarbeid har ein reell og viktig meirverdi.

Vi har halde på statsstrukturen som små einingar, men både økonomisk, militært og humanitært har vi store felles musklar – om vi nyttar dei.
— Bertel Haarder, dansk Folketingsmann, Europaparlamentsmedlem m m

Den danske Folketingsmannen, Europaparlamentsmedlemen, tidlegare ministeren og presidenten i Nordisk råd Bertel Haarder vert ofte sitert på å ha sagt følgjande: ”Pippi Langstrømpe har gjort meir for gjensidig nordisk språkforståing enn samtlege sesjonar i Nordisk råd”. Temaet for hans innlegg var då òg nordisk språkforståing som veg til å skape ei sterkare nordisk offentlegheit. Også Haarder talte om styrken som finst i eit samla Norden. Vi har halde på statsstrukturen som små einingar, men både økonomisk, militært og humanitært har vi store felles musklar – om vi nyttar dei. Denne styrken kunne vi også nytte betre innan kulturfeltet. Haarder synte til at for bedrifter i det private næringslivet er andre nordiske bedrifter dei naturlege handelspartnarane. På same måte burde kulturbedrifter sjå på heile Norden som sin naturlege heimemarknad.

Så lenge vi ikkje opptrer i fellesskap, vert denne kulturelle heimemarknaden undergraven. Utviklinga mot ei felles nordisk kulturoffentlegheit er i gang, mellom anna etter vedtak i Nordisk råd om å oppheve geoblokeringar for medieinnhald. Men for å lukkast i å sikre framdrift i politisk handsaming, etterlyste Haarder ein ”kulturell Stoltenberg-rapport”, ein vegvisar med tydelege retningslinjer for nordiske ministrar og parlamentarikarar.

Igor Dunderovic, stod for dei kunstnariske innslaga på konferansen.Foto: ©BlackStarJournal- David Bowen

Igor Dunderovic, stod for dei kunstnariske innslaga på konferansen.Foto: ©BlackStarJournal- David Bowen

Med eit skråblikk på Norden og nordiske verdiar retta skribent Walid Al-Kubaisi lyset mot folk i Norden og Noreg, oss sjølve, og den tronge bobla vi oppheld oss i. Vi er livredde for å krenke andre, ikkje minst på bakgrunn av religion, og kvir oss for å vere kritiske til andre sine måtar å sjå verda på. Det norske samfunnet er tufta på tillit, rettferd og humanisme. Nordmenn er rike, og har stor fridom, men manglar noko åndeleg å forsvare. Denne dimensjonen er fallen bort saman med religionen. Den norske identiteten utgjer verdisøyler som til saman ber velferdsstaten; menneskerettar, respekt og demokrati. Desse verdiane kan bli truga både utanfrå og innanfrå – vi må tole både å høyre og sjølv ytre kritikk, og ikkje bli så redde for krenkingar at vi ikkje torer seie ifrå.

 

DEL 2 – KREATIVE NÆRINGAR

Direktør i Norsk Kulturråd, Kristin Danielsen fekk oppgåva å føre an på konferansen sin andre del, der kreative næringar stod i sentrum. Kreative næringar omfattar all innhaldsproduksjon innan kultursektoren, i mediesektoren, i arkitektur, design og liknande. Næringsgruppa er i sterk vekst her i landet, med heile 15 prosent auke frå 2008 til 2014. Parallelt med auken ser ein likevel nedgang i kunstnarar si inntekt. Her kjem Kulturrådet si nye satsing av 2017 inn; eit breitt politisk forankra tiltak har gjeve løyvingar til å støtte arbeid rundt kunstnarane. Kulturrådet opnar nye støtteordningar med mål om å styrke profesjonelle ledd mellom kunstnar og arrangør/brukar, og dermed å kunne sikre betre system og sterkare rammer for den enkelte kunstnar. Som oppfølging av første konferansedel understreka Danielsen at eit tett samarbeid i kultur-Norden er heilt essensielt for å lukkast med dette.

Artisten Elle Márjá Eira - flankert av Sylfest Lomheim og Bertel Haarder. ©BlackStarJournal - Heidi Hattestein

Artisten Elle Márjá Eira - flankert av Sylfest Lomheim og Bertel Haarder. ©BlackStarJournal - Heidi Hattestein

Gunvor Eldegard, medlem i Nordisk ministerråd og Nordisk kulturfond, fekk representere dei tidlegare nemnde kulturpolitikarane med stort engasjement for nordisk kulturutvikling. Eldegard synte at dei nordiske fellesorgana er svært opptekne av å styrke både samarbeid og kunstnarøkonomi. Eit døme er Nordisk ministerråd si nye satsing på ei fellesnordisk utgåve av Den kulturelle skulesekken. Det finst også ei rekkje støtteordningar for internordiske prosjekt, men her er dei norske søkarane i dag lite synlege. Det kulturelle Norden er altså i gang med å presentere seg samla, som etterspurd av fleire innleiarar; initiativet og engasjementet finst politisk, det er i stor grad opp til kunstnarane sjølve å gripe moglegheitene.

 

Foto: ©BlackStarJournal - David Bowen

Foto: ©BlackStarJournal - David Bowen

Som oppfølging av Kulturrådsdirektøren sitt innlegg fekk seniorrådgjevar i same råd, Monica Larsson, utdjupe målet med dei nye søkeordningne for kreative næringar. I haust vert det oppretta eit eige kontor for kreative næringar, Kreativt Norge, som skal informere og rettleie i arbeidet med kreative næringar. Målgruppa er altså eit profesjonelt mellomledd i kunstnæringane, eksempelvis agentar, forleggarar og galleristar. Kulturrådet opnar to nye søkeordningar for desse, ei for næringsutvikling og ei for regional bransjeutvikling. I den første er kriteria for tildeling ambisjonar og potensiale for næringsutvikling og økonomisk bærekraft, ikkje kunstnarleg kvalitet. Den andre søkeordninga rettar seg mot organisasjonar, nettverk og aktørar på tvers av bransjar, som viser potensiale for nøringsutvikling og nyskaping. Med desse to nye ordningane ynskjer Norsk kulturråd å stimulere til vekst i kunstnarøkonomien og kunne gje kvalitetskunst til fleire i åra som kjem.

 

Siste innleiar på konferansen var Henna Salo frå Music Finland, eit kontor med mandat å hjelpe finske musikarar ut i verda. Music Finland vart oppretta i 2011, og har etter kvart gode resultat å vise til. I første rekkje omfattar arbeidet konsultasjon med, nettverksbygging for, pengestøtte til og kursing av kunstnarar. Innanfor musikkeksporten finst eit solid nordisk samarbeid, både på institusjonelt nivå og grasrotnivå. Institusjonelt har samarbeidet resultert i Nordic Music Exports Network.

For også i musikken er likskapane store nok til at samarbeid skaper ein sterk meirverdi.
— Henna Salo, Music Finnland

Dette nettverket driv mellom anna nordiske klubbar i London, Wien og Berlin, driv fellespromotering av nordisk musikk til Japan og USA, og frontar nordisk musikk på årlege arrangement som WOMEX og Jazz ahead! med stor suksess. På grasrotnivå handlar samarbeidet om å skape kontakt mellom musikarar, arrangørar og publikum. Mange musikarar nyttar i dag heile Norden som heimemarknad, med stor suksess. Særleg for musikarar i smalare sjangrar er det sterkt tilrådd å sjå heile Norden i samanheng, og finne samarbeidspartnarar i dei andre nordiske landa. For også i musikken er likskapane store nok til at samarbeid skaper ein sterk meirverdi.

Foto: ©BlackStarJournal - David Bowen

Foto: ©BlackStarJournal - David Bowen

Førdekonferansen 2017 vart avrunda med samstemt samtale mellom dei to siste innleiarane, om framtida til dei kreative næringane i Norden. I dag ser ein mange nordiske kunstnarar som lukkast også i ein internasjonal marknad. I desse tilfella er det profesjonelle apparatet rundt kunstnarane ein sentral suksessfaktor, utan at det breie publikumet ser industrien bak kunstnarane. Kunstnarar som har manglar støttespelarar, må sjølv styre både strategi og økonomi. Dette fører i mange tilfelle til ujamn styring og eit endra fokus frå kunst til pengar, noko som igjen kan skade kunsten. Samtidig er det naudsynt at kunstnarar har ei viss forståing av si eiga verksemd som næringsdrivar. Salo og Larsson kunne oppsummere konferansen med å slå fast at den nordiske kunstmarknaden er i sterk utvikling og har eit stort potensiale, men at ein treng ein sterkare infrastruktur både rundt kvar enkelt kunstnar og i det fellesnordiske arbeidet, for å gje kunstnarane naudsynte musklar.

Åslaug Timenes Bell (ref)

Torill Faleide