Leiar i Stortingets familie- og kulturkomité opnar festivalen

 
Svein Harberg (Høgre) opnar festivalen. 

Svein Harberg (Høgre) opnar festivalen. 

 

Den 27. Førdefestivalen vert opna av Svein Harberg (Høgre), leiar i Stortingets familie- og kulturkomité. Den offisielle opninga skjer på opningskonserten, På flukt, torsdag 7. juli kl. 19.30. 

Svein Harberg kom inn på Stortinget i 2009, for Høgre i Aust-Agder. I sin første stortingsperiode representerte han Høgre i Stortingets kirke-, utdannings- og forskningskomité. Han vart attvald i 2013, og leiar Stortingets familie- og kulturkomité i fireårsperioden fram til 2017.

Før karrieren som stortingspolitikar, var Harberg ordførar i Grimstad kommune frå 2003-2007. Han var også leiar i Aust-Agder Høyre frå 1993-2009. Svein Harberg har bakgrunn frå sal og reiseliv både gjennom eige firma, og andre selskap.