Festivalpasset - ein guide!

Festivalpassordninga på Førdefestivalen er litt spesiell, og her er ein detaljert forklaring på kva festivalpasset omfattar - enten du er vaksen, student, ungdom eller barn. 

Med festivalpass kjøper du billett til fem konsertar på ein gong, nemleg desse fem: 

·         Opningskonserten: På flukt! - torsdag (Idrettshallen) 

·      Mor Karbasi - fredag (Idrettshallen)

·      Federspiel - laurdag ettermiddag (Festplassen)

·      Festivalgalla - laurdag kveld (Idrettshallen)

·      La Bottine Souriante - søndag (Idrettshallen) 

 

FESTIVALPASS VAKSEN kr 950,-

Med festivalpass får du i tillegg STOR RABATT på alle andre konsertar og kurs. 

Døme: Festivalnatt på laurdag kostar kr 360,-, med festivalpass betalar du berre kr 220,- 

Det er eitt unntak frå passrabatten i år: Lunsjkonserten med Noency Mosquera & El Bongo de Bojayá frå Colombia. 

 

STUDENTAR og UNGDOM (14-20 år) kr 460,-

Betalar kr 460 for festivalpasset, som framleis gjeld dei fem konsertane over. OG - har du kjøpt betalar berre kr 50,- for å komme inn på andre konsertar. Det er nesten latterleg billeg. 

NB! Du må vise studentleg for å kjøpe festivalpass, og ved kontroll ved inngang til konsert. 

 

BORN under 14 år kr 200,- 

Ein vanleg barnebillett på konsertane på festivalen kostar berre kr 50,-, difor er det ingen ekstra rabatt med festivalpass. Her er det berre snakk om å ha ei praktisk ordning dersom for foreldre som har kjøpt festivalpass.