"Klangen av Norden" i fokus på Førdefestivalen 2017

 
Musikalsk leiar for Gudbrandsdølenes spelemannslag, Aslak Brimi, og den orkester-geniet Karl-Johan Ankarblom blir sentrale når det 40 manns store Nordic Sound Folk Orchestra opnar Førdefestivalen 2017.  Foto: Knut Utler

Musikalsk leiar for Gudbrandsdølenes spelemannslag, Aslak Brimi, og den orkester-geniet Karl-Johan Ankarblom blir sentrale når det 40 manns store Nordic Sound Folk Orchestra opnar Førdefestivalen 2017.  Foto: Knut Utler

 

- Dette har aldri vore gjort før, seier direktør Hilde Bjørkum, når ho presenterer den store satsinga på «Klangen av Norden» som tema for Førdefestivalen 2017. Hovudsatsinga er prosjektet «Nordic Sound Folk Orchestra» eit all-nordisk strykeorkester på førti musikarar og solistar, som skal framføre spesialskriven musikk frå fire nordiske komponistar.

- Vi vil presentere klangen av Norden anno 2017, fortel Bjørkum. Det inneber at den nordiske verdsmusikkscena også vil få sin plass i programmet. Og sjølv om festivalen har ei storsatsing på det nordiske, vil ei rekke artistar frå andre deler av verda stå på scena i Førde, også i 2017, lovar direktøren.

 

Nordic Sound Folk Orchestra – folkemusikk i storformat


40 folkemusikarar, 4 komponistar og 8 solistar vil utgjere ”Nordic Sound Folk Orchestra”, det første prosjektet i sitt slag, der oppdraget er å løfte fram solistiske tradisjonar i eit orkesterformat på folkemusikken sine premissar.

Basen i prosjektet er eit all-nordisk orkester sett saman av felespelarane i Gudbrandsdølenes Spelemannslag (Norge), medlemer av folkemusikkbandet Folk All-in Band (Sverige), Baltic Crossing (Finland/Danmark) og Harald Haugaard kvintett (Danmark). Solistar er Olav Luksengård Mjelva på hardingfele (Norge), Olov Johansson på nyckelharpe (Sverige) og stjernevokalistane Ulla Pirttijärvi (Sapmi/Finland), Lena Willemark (Sverige) og Berit Opheim (Norge). I tillegg vil komponistane også vere solistar i prosjektet.

 

Folk All-in Band er Karl-Johan Ankarblom sitt folkemusikk-storband vil ha eigen konsert under festivalen, i tillegg til å vere med i det store Nordic Sound Folk Orchestra. 

Folk All-in Band er Karl-Johan Ankarblom sitt folkemusikk-storband vil ha eigen konsert under festivalen, i tillegg til å vere med i det store Nordic Sound Folk Orchestra. 

 

Urframføring på opningskonserten 2017


Fire leiande nordiske komponistar innan folkemusikken skal lage ny musikk til prosjektet; nemleg Antti Järvelä (Finland), Mia Marin (Sverige), Harald Haugaard (Danmark) og Jorun Marie Kvernberg (Norge).  I tillegg til nye komposisjonar, vil også tradisjonsstoff frå dei nordiske landa bli framført i ny drakt.

 
 
– Vi seier ganske ofte at ein konsert er «unik», men denne gongen er det verkeleg sant! Det kjem til å gå fleire tiår før nokon lukkast i å samle så mykje spisskompetanse innan den nordiske folkemusikktradisjonen på ei og same scene igjen, seier Ankarblom.
 

Til å leie det heile har festivalen sikra seg svenske Karl-Johan Ankarblom, eitt av dei heitaste namna i Norden når det gjeld arrangering og orkestrering. Han har prosjekt med London Philharmonic Orchestra, BBC Symphony Orchestra og Royal Philharmonic Orchestra Stockholm på CVen, men sjølv for han overgår Førde-prosjektet det meste!

Leiar for Gudbrandsdølenes spelemannslag, Aslak Brimi, som nyleg vart kåra til Årets Folkemusikar i Norge, deler entusiasmen. - Dette blir ein smeltedigel med nokre av det beste nordisk folkemusikk har å by på. Det kjem til å bli fantastisk, seier han, og legg til at Gudbrandsdølenes gler seg vanvittig til å vere ein del av gigantprosjektet.

 
 
- Dette er ei av dei største prosjektsatsingane vi nokon gong har gjort, fortel festivaldirektør Hilde Bjørkum.
 

- Dette er ei av dei største prosjektsatsingane vi nokon gong har gjort, fortel festivaldirektør Hilde Bjørkum. Riksscenen i Oslo er samarbeidspart, og konserten vil også bli framført der til hausten. – Vi er òg glade for at både Kulturkontakt Nord og Nordisk kulturfond støttar heilhjarta opp om prosjektet, seier ho.

 
Baltic Crossing - med finsk sisu - står på programmet for Førdefestivalen 2017! 

Baltic Crossing - med finsk sisu - står på programmet for Førdefestivalen 2017! 

Mange av dei nordiske artistane, m.a. Baltic Crossing, Harald Haugaard kvintett og Folk All-in Band kan òg opplevast i eigne konsertar utover i festivalen. Dei danseglade kan sjå fram til drivande dansespel av Gudbrandsdølenes spelemannslag, som har vunne Landskappleiken, folkemusikkens Norgesmeisterskap, heile åtte gonger, og vore nærmast einerådande på toppen av resultatlistene dei siste åra.

 

NordicFolkBrown.gif

Music Norway lanserer «Nordic Folk»
 

I samarbeid med folkemusikkorganisasjonane og eksportkontora i dei nordiske landa, har Music Norway teke initiativ til å etablere merkevara «Nordic Folk». - Målet er å gjere nordisk folkemusikk meir synleg i verda utanfor Norden, samt å styrke den felles-nordiske marknaden for våre eigne artistar, seier direktør i Music Norway, Kathrine Synnes-Finnskog. Ønsket er at tiltaket skal skaffe fleire jobbar for musikarane og betre rammevilkåra for bransjeaktørane.

At Music Norway, som Førdefestivalen har eit nært og årelangt samarbeid med, lanserer Nordic Folk parallelt med at festivalen har fokus på Norden, ser Bjørkum på som ein vinn-vinn-situasjon. - Vi vil det same; få nordisk folkemusikk opp, fram og ut! 

 

Også nye nordiske klangar


Det folkemusikalske landskapet i Norden anno 2017, har også sterke innslag av musikk frå andre kantar av verda. - Gjennom fleire tiår har musikarar med røter i andre tradisjonar etablert seg her nord, og gjort oss rikare med sin musikk, seier festivaldirektøren, som mellom anna ser fram til å høyre gruppa ComboNations i Førde til sommaren. I ComboNations har den norsk-iranske musikarenJavid Afsari Rad samla leiande innvandrarmusikarar i Norge; Jai Shankar, Aissa Tobi, Harpreet Bansal, Diom de Kossa og Solo Cissokho.  Javid Afsari Rad vart av regjeringa utnemnd tilstatsstipendiat dette året, ein av dei største anerkjenningane ein norsk musikar kan få. - Vi er svært glade for å kunne presentere Afsari Rad og medmusikarane hans iFørde til sommaren, seier Bjørkum.

 

Førdekonferansen 2017


- Også Førdekonferansen kjem til å ta opp spørsmål med eit nordisk perspektiv, men òg med eit blikk på oss i Norden utanfrå, fortel Bjørkum. I samband med at Norge overtek formannskapsrolla i Nordisk Ministerråd i 2017, har Kulturminister Linda Hofstad Helleland mellom anna lansert integrering og inkludering, medieøkonomi og kreative næringar som fokusområde innan det nordiske kultursamarbeidet. Dette vil konferanseprogrammet i Førde følgje opp.

 
Olav Luksengård Mjelva er ein av solistane i det store nordiske prosjektet Nordic Sound Folk Orchestra i Førde til sommaren. Foto: Aron Mattson 

Olav Luksengård Mjelva er ein av solistane i det store nordiske prosjektet Nordic Sound Folk Orchestra i Førde til sommaren. Foto: Aron Mattson 

 

Festivalartistar frå heile verda


Sjølv om festivalen satsar stort på nordisk musikk dette året, vil programprofilen vere like internasjonal som alltid, forsikrar Bjørkum, som for tida jobbar intenst med programmeringa av den 28. Førdefestivalen. Festivalen vert som alltid arrangert i veke 27, og går av stabelen 5.-9. juli 2017. 


 
Torill Faleide