Førdefestivalen på Riksscenen fredag 24. mars 2017

Xabier Diaz - The Tambourine Man

Xabier Diaz - The Tambourine Man

Førdefestivalen presenterer heile programmet for sommarens festival i slutten av mars, nærare bestemt torsdag 23. mars. Dagen etter, fredag 24. mars, inviterer festivalen til konsert med den spanske«Tambourine Man», Xabier Diaz, på Riksscenen i Oslo. I samband med denne konserten, vil festivalen også presentere programmet for 2017. 

 

Førdefestivalen og Riksscenen
 

-Det er naturleg for Førdefestivalen å samarbeide tett med Riksscenen. Vi har gjort det ved mange høve, og samarbeider no mellom anna om den største produksjonen på festivalen til sommaren, Nordic Sound Folk Orchestra, det 40-mann store orkesteret som skal stå for opningskonserten i Førde torsdag 6. juli, seier direktør Hilde Bjørkum. I tillegg har vi denne konserten med Xabier Diaz i Oslo, som kom i stand etter at vi opplevde Diaz på det internasjonale bransjetreffet Womex i Santiago de Compostela i oktober, og bestemte oss for å hente han til Norge. -Konserten med Xabier Diaz og dei 11 kvinnelege songarane og perkusjonistane i Abufeira de Salitre var noko av det flottaste vi såg dei fire dagane vi var i Santiago! Ergo har vi engasjert han for konsert på Førdefestivalen i juli, men i tillegg spurde vi Riksscenen om dei kunne tenkje seg å ha han med i vårprogrammet sitt. Det ville dei svært gjerne, fortel Bjørkum, som håpar publikum både i Oslo og Førde kjenner si besøkstid og får med seg konserten med denne heilstøypte spanske artisten, som etter ein avslutta pop-karriere har funne sin lidenskap i den galisiske tamburinen. 

 

Presentasjon av festivalprogrammet
 

Ettersom Xabier Diaz også skal spele på Førdefestivalen til sommaren, og sidan Riksscenen og festivalen vender seg litt til same publikumsgrupper, vil festivalen også nytte konserten i Oslo til å presentere resten av programmet som skal gå av stabelen i Førde 5.-9. juli 2017. -På konsertar på Riksscenen møter vi publikum som kjenner Førdefestivalen, men vi trur jo også at sjansen er stor for at vi kan kome i kontakt med nye publikummarar som vil få augene opp for festivalen vår og ta turen til Førde i juli! seier Bjørkum. 

Her er konserten på Facebook

Her kan du kjøpe billettar til konserten 


Stemninga Xabier Diaz og Adufeira de Salitre skapar på scena er vakker, elegant og suggererande! 

Stemninga Xabier Diaz og Adufeira de Salitre skapar på scena er vakker, elegant og suggererande! 

Om konserten og Xabier Diaz
 

Xabier Diaz er både musikar, komponist, forskar og songar, og spesialist på instrumentet Pandeireta Galega, den galisiske tamburinen. I Galicia nyt han kjendisstatus, mellom anna etter mange år som vokalist i den leiande folkemusikkgruppa Berrogüetto, i tillegg til samarbeid med ei rekkje store artistar. No gjer han suksess med eigne prosjekt.

«The Tambourine Man» er Xabier Diaz sitt nyaste prosjekt, og er eit møte mellom den galisiske tamburinen hans og adufen, den mauriske firkant-tromma som er mykje brukt i Portugal. Eller faktisk møter tamburinen hans heile 11 adufar, når Xabier Diaz slår seg saman med dei kvinnelege songarane og perkusjonistane i gruppa Adufeira de Salitre. Og i tillegg har han med seg Gutier Alvarez på dreielire og Javier Alvarez på trekkspel.

To år tok det å leite fram gamle voggesongar og folkesongar frå galisiske landsbyar, og gje dei nye arrangement og ny tolking gjennom Xabier Diaz si sjelfulle stemme, sikkert og elegant akkompagnert av songen og rytmen frå Adufeira. «The Tambourine Man» er ein vakker kombinasjon av stemmer, rytmar og koreografi, ei intens oppleving du vil bere med deg lenge.

 

Xabier Diaz – vokal, perkusjon
Gutier Alvarez – dreielire, fiolin
Javier Alvarez – toradar
Cristina Pico – vokal, perkusjon
Iria Penabad – vokal, perkusjon
Montse Garcia – vokal, perkusjon
Patricia Gamallo – vokal, perkusjon
Maite Lopez – vokal, perkusjon
Noemi Basanta – vokal, perkusjon
Carolina Vazquez – vokal, perkusjon
Bea Mariño – vokal, perkusjon
Lidia Sanmartin – vokal, perkusjon
Gisela Sanmartin – vokal, perkusjon
Mariña Garcia – vokal, perkusjon

Heimeside Xabier Diaz


Torill Faleide