Døgeniktenes debatt på Førdefestivalen / FolkJazzScena 24. januar!

-Gjør deg klar for latterkick, skrekkblanda fryd, og et par aha-øyeblikk om din egen latskap skriv Teaterungdom.no om framsyninga Døgeniktenes debatt, som er første arrangement på Førdefestivalen si FolkJazzScena i 2017.

Bak framsyninga står to av våre beste hallingdansarar, Vetle Springgard og Ådne Kolbjørnshus, velkjende mellom anna frå fleire av FRIKAR sine framsyningar på Førdefestivalen. Dei to ville redde verda, men enda altså opp som folkedansarar - og døgeniktar! No har dei laga framsyninga der dei filosoferer om kva dei eigentleg skulle ha brukt liva sin til.. og kva dei har brukt tida si på. I Døgeniktenes debatt får dei to vist mange av sine talent, men ikkje minst handlar det om dans av ypperste slag! Musikar er Erlend Apneseth. 

Døgeniktenes debatt hadde premiere hausten 2016, og skapte mellom anna stor begeistring på bransjetreffet Folkelarm i november! 

Framsyninga på Facebook

KJØP BILLETT

 

Om framsyninga


Dei to er fødde i kvart sitt dalføre med berre månaders mellomrom. Fødde inn i trygge omgjevnader på bondegardar, der stødige, gamle verdiar låg til grunn – av foreldre som hadde sett sine eigne liv skyte fart inn i eit nytt og spennande tiår der heilt ny teknologi skulle forundre og snu opp ned på kvardagen. På kvar sin kant, på ulikt vis, vart borna mevitne sine gode liv. Og kva vart dei?

Dei vart døgeniktar!

Døgeniktane ynskjer å gjeve verda den rette medisin for plagene sine. Dei vedgår at dei har store talent som dei ikkje evnar å gjere noko med. Dessutan er det ubehageleg å stå for noko, og kva med tida?

Døgeniktenes debatt er ei delvis improvisert framsyning med dans og dialog rundt tema som utøvarane, Vetle Springgard og Åde Kolbjørnshus  er opptekne av. Musikar er Erlend Apneseth. 

Framsyninga er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Førdehuset. Ideen kjem frå Vetle Springgard og Ådne Kolbjørnshus, og framsyninga er produsert i samarbeid med Riksscenen.

 

 

Torill Faleide