Vi er dei tusenar som spelar

Tekst Janne Karin Støylen | Foto Heidi Hattestein

Europa står framfor ei flyktningekatastrofe det er vanskeleg å fatte rekkevidda av. Korleis møter vi dei tusenar som seglar mot håpet om å overleve? Best ved å sjå dei som medmenneske, med namn, alder og umisteleg verdi. Som publikum på Førdefestivalen er det umuleg å verje seg mot denne innsikta, at vi må møte våre medmenneske slik. Kanskje særleg i teatersalen under Talent-konserten.

Til alle tider har menneska vandra med von om eit betre liv. Ein kan likne det med jorda sitt blodomlaup, vandringa har like lang historie som menneska sjølv. I mindre målestokk kan ein likne talent-prosjektet med Førdefestivalen sitt blodomlaup. Snart like lenge som festivalen har eksistert, har Rikskonsertane og Førdefestivalen samarbeidd om å hente hit unge musikarar frå alle verdshjørne. Ny musikk vert skapt, nye vennskap vert knytte.

- I ei tid der ein igjen kan sjå tendensar til at krefter vil skubbe jentene bort og bak, kontrollere og undertrykke dei, er eg veldig stolt over at Førdefestivalen i år, blant andre, har teke hit to jenter. To instrumentalistar frå eit land der det å uttrykke seg som kvinne er meir enn utfordrande. Slik introduserte konferansier Sigrid Moldestad dei to iranske utøvarane Afarin Nazari og Golnoush Salehi under opningskonserten på sommarens Førdefestival. Freemuse-ambassadør og kunstnarleg leiar for talent-prosjektet, Mahsa Vahdat, hadde henta dei to jentene til Noreg frå heimlandet Iran, saman med songaren Firoozeh Raeesdana. Mahsa Vahdat veit så alt for godt kva utfordringar Sigrid Moldestad refererer til. I fjor var ho mellom stjernene på Førdefestivalen. I år var ho tilbake, bak scena. For å løfte nye kvinner fram.

Krefter som vil skubbe jenter bort og bak. Kneble det frie ordet, songen, dansen. Nekte den enkelte mulegheita til å leve eit fritt liv til det beste for seg og sine næraste. Kva har vi å stille opp med mot slik vondskap?

Saman med Harutyun Chqolyan, Monica Nazaryan, og Albert Ordinyan frå Armenia og  Malin Victoria Alander, Hans P. Kjorstad og Selma French Bolstad frå Norge skapte dei tre iranske jentene eit tankevekkande og poetisk svar på dette under årets talent-konsert i teatersalen.  Bak lyse lerret kom musikarane mot oss som skuggar. Utan nasjonalitet, hudfarge og kultur. Berre som menneske. Og musikarar. Så mange filter var borte, vi måtte ta i mot utan atterhald. Så steig dei fram for oss med ansikt, namn og alder. Instrument og klesdrakter. No kunne vi sjå dei. Som representantar for sin tradisjon, som representantar for dei tusenar som spelar. Men også som verdsborgarar som menneskerettane skal gjelde for. Slike kulturopplevingar gjev publikum innsikter det ikkje er muleg å verje seg mot. Og dermed eit ansvar det ikkje er muleg å la vere å ta.

 

Talent 2015 på Førdefestivalen
Frå Iran: Afarin Nazari (ghanoon), Firoozeh Raeesdana (vokal) og Golnoush Salehi (tar).
Frå Armenia: The Harutyun Chqolyan Trio med Harutyun Chqolyan (duduk), Monica Nazaryan (vokal), og Albert Ordinyan (dhol)
Frå Norge: Malin Victoria Alander (vokal) frå Sandane, Hans P. Kjorstad (fele) frå Sør-Fron og Selma French Bolstad (fele) frå Ås.Musikalske leiarar: Andreas Skeie Ljones og Mahsa Vahdat

Torill Gundersen