Hekla Stålstrenga tilbake til Førde!

Det var stor stemning då Hekla Stålstrenga spelte på festivalnatta under festivalen i 2014, der desse bilda er henta frå, og torsdag 29. oktober vert det eit varmt gjensyn med bandet som har stor suksess først og fremst med sin versjon av Ole Bremnes si vise Har du fyr, men også andre songar har vorte allemannseige, som Båtbygger Jo og Folketonen. 

-Har du fyr, lever nesten sitt eige liv, sa Ragnhild Furebotten då vi møtte ho på Folkelarm i Oslo. Ingen av oss hadde vel drøymt om å lage ein låt som så til dei grader skulle slå an; snart 1,4 millionar spelingar på Spotify. Og videoen frå Store studio i NRK har snart over 470000 visningar.  

Men, uansett kor gode dei er på Spotify og You Tube - det er ikkje noko som slår konserversjonen av denne herlege gjengen frå nord. Dei strålar på scena, byr på seg sjølv og ein fantastisk dose folkeleg musikk frå Nord-Norge!