Folkemusikalsk språksjov med Linda Eide

Laurdag 5. juli kl. 20.30 | Idrettshallen, Førdehuset

Vår eiga språkdronning slår seg laus med to av sine favoritt-tema - språk og musikk. Med seg har ho festivalartistar i med særleg interesse for - det same!

Det er sjølvsagt med glede og stor respekt at vi presenterer eit folkemusikalsk språksjov med den blokkfløytespelande språkkjendisen framfor nokon, Linda Eide. Ingen kan som ho gjere språk til underhaldning, og det er berre å glede seg til ho får boltre seg med musikalske gjester frå inn- og utland, og spreie god stemning både på scena og i salen.

Medverkande: Basco & Jullie Hjetland, Sara Curruchich, Marja Mortensson, Ustatshakirt Ensemble og Mitsune.

Dørene opnar kl. 19.45.

Konserten er ein del av festivalpasset, og skjer på den største arenaen vår, Idrettshallen i Førdehuset. På denne arenaen kan du kjøpe plassbillett for kr 50,- på golvplan. Publikum utan plassbillett sit på galleri og tribune.