
Natt på museet
Torsdag 3. juli kl. 22.30 | Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Bli med når vi i samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum for aller første gong fyller museet midt i Førde sentrum med musikk, dans og artige kunstaktivitetar!
Du får oppleve kunstutstillingar, lytte til fantastiske konsertar, danse, lytte til samtalar og kanskje vil du prøve deg på ein morosam kunstaktivitet? Artistane som står for dei musikalske opplevingane rundt om på huset er den sør-franske rytme- og polyfon-duoen, Duò Lavoà Lapò, det pakistanske benju-fenomenet Ustad Noor Bakhsh, den norsk/latin-amerikanske trioen Tres Músicos, den heilnorske vokaltrioen Hekate, Intro-folk-vinnar Martin Steinum Brun og studentar frå Norges Musikkhøgskole. Kafé Sobra er open heile kvelden. Vi brukar alle etasjar til og med takterrassen, og håpar du blir med oss heile kvelden!

HEKATE

USTAD NOOR BAKHSH

MARTIN STEINUM BRUN
TRES MÚSICOS

DUÒ LAVOÀ LAPÒ