Ledig stilling i Førdefestivalen

Du må ikkje kunne snurre på hovudet for å jobbe i Førdefestivalen, men du må trivast med tidvis høge arbeidstoppar! Gruppa i aksjon her er russiske Otava Yo, som spelte i Førde for andre gong i 2019. Foto: Knut Utler.

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og er tildelt EFFE AWARD 2019-20, som ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger. Festivalen er eit av dei største fleirkulturelle arrangementa i Norge, og går over 5 dagar i juli kvart år. I tillegg arrangerer festivalen Bornas Verdsdag Førde og fleire konsertar gjennom året på FolkJazzScena. Administrasjonen ligg i Førdehuset, Førde.

 

BILLETT- og SALSANSVARLEG

Engasjement i 100% frå 4. januar - 20. juli 2021


Førdefestivalen søkjer ein utovervend og engasjert person som trivast med tidvis høg aktivitet. Vedkommande bør ha erfaring frå sal/sørvis, ha genuin interesse for god kundebehandling og like å oppnå resultat. Du må kunne jobbe sjølvstendig, men også fungere godt som del av eit lag.

Arbeidsoppgåver:

·         ansvar for  festivalen sitt billettsystem (TicketCo)

·         ansvar for billettkontoret under gjennomføring av festivalen

·         opplæring og leiing av dei frivillige på billettkontoret

·         aktivt sal mot nye kundar

·         kontoradministrasjon og relevant arbeid i festivalverksemda

·         noko arbeid på kveldstid/helg må påreknast


Ønska kvalifikasjonar:

·         utdanning/erfaring frå sal/sørvis/arrangement

·         kjennskap til moderne billettløysingar, som i vårt tilfelle er TicketCo

·         god IT- og systemforståing

·         god kommunikasjon med menneske på alle nivå


Minst like viktig er det at du:

·         er imøtekommande og initiativrik

·         er strukturert, sjølvstendig, handlekraftig og har evne til å yte ekstra ved behov

·         har interesse for musikk, kultur og arrangement

·         brenn for det å skape kvalitetsopplevingar for publikum i alle aldrar

·         er sjølvstendig, men elskar å jobbe saman med andre mot eit felles mål

·         taklar periodar med høge arbeidstoppar


Vi tilbyr:

·         eit kreativt arbeidsmiljø, der vi-kjensla er stor og alle tek eit tak når det trengs.

·         arbeidsplass i ein av dei fem beste festivalane i Europa, uansett sjanger.

 

Billett- og salsansvarleg rapporterer til økonomi- og sponsorsjef.

Søknadsfrist 1. desember 2020

Send søknad på epost til: peridar.almaas@fordefestival.no

For spørsmål, kontakt direktør Per Idar Almås på epost som over, eller på mobil 91 54 56 03.