Tilbake til alle arrangementer

Toradarkurs med Ingrid Sørheim

  • Sakralrommet, Førdehuset 5 Angedalsvegen Norway (kart)

Har du nokon gong tenkt at du skulle lære deg å spele toradar? Toradaren passar framragande godt inn i dei fleste situasjonar, og finst det ein toradar i nærleiken er det stor sjanse for god stemning. Her er i så fall ein fin sjanse til å ta første steg, og lære det elementære av dyktige Ingrid Sørheim frå Hardanger. Ho påstår sjølv at du kan lære det på ein halvtime, så då er det jo berre å kaste seg ut i det, og teste om ho har rett, for her får du heile to timar! 

Ingrid er folkemusikar på durspel og arbeider som distriktsmusikar og lærar i det store toradarmiljøet på Voss og i Granvin. Ho har lang røynsle både som pedagog, solospelar og dansespelar, og er aktiv i fleire band. 

Ingrid underviser elevar i alle aldrar, frå 6 til 80 år, både individuelt og i samspelsgrupper. Ho har også vore instruktør på mange helge- og vekeskurs opp gjennom åra. I mange år var Ingrid fast deltakar på Mokurset i Førde i Sunnfjord. No gler ho seg til å halde nybyrjarkurs for ungdom og vaksne under Førdefestivalen! 

Her trengst det ingen forkunnskapar, og du får låne toradar (AD-spel).  

Avgrensa tal plassar. 

Forrige
Forrige
3. juli

Krasjkurs i rørospols

Neste
Neste
4. juli

Familieverkstad: Fredsduer