IRSK!! Goitse / The Friel Sisters 

Fredag 4. juli kl. 20.00 | Idrettshallen, Førdehuset  

Fredagskvelden byr vi opp til IRSK fest i Idrettshallen i Førdehuset! To sterke band frå øya i vest vil gje alt dei har på scena, medan du kosar deg med vener og kjende rundt langborda i salen!

Søstrene Anna, Sheila og Clare i The Friel Sisters er frå Donegal Gaeltacht, nordvest i Irland. Dei har alltid drive med musikk, og har denne heilt spesielle kommunikasjonen som berre søsken kan ha. The Friel Sisters er song, fele, fløyte og sekkepipe i alt frå såre irske balladar, til raske reelar og jigs.

Goitse er eitt av dei nye namna som skin sterkast på den irske folkemusikkhimmelen for tida. Eit tett samspel boblar over av energi og speleglede – og alt saman vert toppa av ein karismatisk vokal. Psst! Goitse betyr ‘kom her’, og skal uttalast Go-wit-cha.

Dørene opnar kl. 19.15.

Konserten er ein del av festivalpasset, og skjer på den største arenaen vår, Idrettshallen i Førdehuset. Til denne spesielle konserten kan du kjøpe deg plass ved langbord for kr. 50,-. Det er ikkje nummererte sete. Du finn deg ein plass når du kjem. Publikum som ikkje kjøper sete, får plass på galleri og tribune.