BACKSTAGE

Sørger for at artistane får alt dei treng for å ha det bra backstage og på scena!

 

TUSEN TAKK FOR AT DU ER MED SOM FRIVILLIG

Førdefestivalen er kjent for å ta godt vare på artistane som kjem hit. Backstagegruppa syter for den ekstra servicen som gjer lydprøvene og konsertane til ei god oppleving for artistane. Det inneber i praksis å ordne backstage med handkle, snacks, te, kaffi og vatn. I idrettshallen syter vi for at det fantastiske produksjonsteamet og dei fantastiske artistane har det dei treng, og at idrettshallen er ryddig til konsertane startar.

 

PÅ DENNE SIDA FINN DU

FØR VAKT

 

Ta på deg festival-T-skjorte og gode sko. Ta med deg opplada mobiltelefon, det er vår kontaktmåte ute i felten. Når du kjem på vakt får du utdelt eit akkrediteringskort til å ha rundt halsen, vi har ikkje nok slike til alle, så lever det tilbake når du er ferdig på vakt.

Les gjerne gjennom innhaldet på denne sida, då vert du kjent med arbeidet du skal gjere. Om du er ny i gamet vil du også jobbe i par med nokon som har vore med på dette før på den fyrste vakta di, slik at du får all oppplæring du treng!

Om du vert sjuk eller på annan måte forhindra eller forseinka til vakta til, ring backstageansvarleg på xxx xx xxx for å gi beskjed!

 

OPPGÅVER

 
Hovudoppgåva di er å klargjere snackpacks og halde backstageromet ryddig, slik at alt er klart til klargjering av øvingsrom og anna og alt er reint og fint!
 
 

Ein snackpack består av:

  • 1 flaske vatn per person

  • Kaffi og tevatn*

  • Boks med sukkerrør, sukettar, kaffiskeier, kaffifløyte og teposar

  • Tallerken med saltstenger, nøttemix, snop og kjeks

  • Fruktfat (5-6 bitar frukt per person)

  • 2 snackbeger

  • Pappkoppar til varm drikke og plastglas til kald drikke

  • Små serviettar

  • Papirduk med ein stor serviett på som duk

  • 1 handkle per person om dei skal ha det, sjekk liste

*Bruk små kanner til små grupper (opp til 7) og store til store grupper (over 7). Dei største kannene skal brukast i idrettshallen. Når det er mykje som skjer, så kan ein gjerne trakte kaffi og koke opp tevatn heile tida.

Dette er standardsize for alle grupper. Vi prøver å få ned matsvinnet – difor lagar vi ikkje veldig stor snackpacks, men går rundt og sjekkar stadig om det trengs påfyll.

Vatnflasker

Vi har flaskevatn på eit eige rom, saman med kjølebaggar, handkle og strykebrett.

Når du hentar vatn bør du fylle på med nytt vatn dersom hylla blir tom. Merk hylla med postitlapp: VARM.

Kvar kveld fyller den siste vaktgruppa kjøleskapet opp med vatn.

Tomflasker legg du i kassen under kaffitraktaren, etter at du har tømt ut innhaldet i vasken. Når denne kassen er full, tømmer du den i bosspose på rommet med flaskevatn. Tøm ut vatn frå tomflasker før du legg dei i kassen eller bossposen.

Kjøleboks og kjøleelement

Vi har ei eiga liste for kjøleboksane, slik at ein noterar ned nummeret på boksen når ein leverar den ut, og signerar når den kjem inn att.

Kjøleelement finn du nede på frivilligkjøkkenet, i frysen.

Alle kjøleboksar, som skal ut av Førdehuset leverer ein nede hjå artistservice.

Juice og brus

Juice og brus er det berre nokre artistar som skal ha. Avklar med meg om vi har ekstra, om nokon spør, som ikkje står på lista.

Alkohol

Dei få artistane som skal ha alkohol får denne levert at Sunnfjord catering.

Strykejern og strykebrett

Står på same som som vatnet.

 

UTE I FELTEN

 


Klargjere rom

Rydde rommet om det har vore brukt:

  • Vaske over borda

  • Skifte duk (om det trengst)

  • Skifte bossposar

  • Kast pappatallerkar og boss, skåler og fat av plast og liknande vaskar vi og brukar på nytt.

  • Om det står att uopna nøtteposar, snop, te og/eller sukker og dette ser ut som det er urørt så kan du la dette stå att til neste gruppe. Ved høg temperatur tar vi med oss snopet tilbake og legg det i kjøleskapet

Kva skal vi kaste og kva skal brukast til neste gruppe?

  • Alle trefat til snacks skal brukast om att. Ta ut innhaldet, rist og evt tørk lett av tallerken, før du fyller på til neste gruppe

  • Alle trefat til kaffitilbehør skal brukast om att. Ta ut innhaldet, rist og evt tørk lett av tallerken, før du fyller på til neste gruppe

  • Alle dei små skålene i tre som er brukte skal de kaste, medan dei ubrukte skal stå

  • Kast alt som er opna og brukt, evt ser stygt ut

  • All frukt skal kastast

  • Sjekk godt over det som står til neste gruppe

Klargjere rommet for ny bruk:

  • Setje fram snackpack og evt ekstra utstyr

  • Sjekke over at alt er fint og ryddig, og at rommet ser innbydande ut. Sett gjerne stolar og bord ut på eit ryddig vis

  • Dobbeltsjekk alltid kven som skal bruke rommet og om det er noko ekstra utstyr dei skal ha

 
 

På din veg er det fint om du:

  • Rydder øvingslokaler, idrettshall og evt anna boss du kjem over

  • Kontinuerleg sjekkar øvingsrom, konsertområde, produksjonsrom, området der sceneteknikarar sit (storsalen, idrettshallen, teatersalen, festsalen), slik at dei som nyttar romma får påfyll når det trengst. Kaffikanner bør bytast ut kvar 2. time

  • Sjekke at dei i idrettshallen har det dei treng, om det ikkje er eigen ansvarleg i idrettshallen på vakt

  • Sjekke vassdispensarar, bytte dunk om det er tomt og fylle på med glass. (festivalkontor i 2 etg, idrettshallen (2 stk), festivalkontor i kjellaren)

HUGS: Merk av på lista som ligg på backstagerommet vårt, når du har levert kaffi eller klargjort eit rom!

 

HJELP

 

Dersom du står fast eller får spørsmål du ikkje kan svare på kan du 1) spørje nokon andre i backstagegjengen eller 2) ringe backstageansvarleg på XXX XX XXX

Hugs at du alltid skal hjelpe! Får du spørsmål du ikkje kan svare på svarar du alltid med eit smil: “det veit eg ikkje, men la meg finne ut av det for deg!”