Frivillige
Artistservice
I artistservice er det puls og liv heile tida under festivalen. Her blir alt av logistikk ordna, transport av artistar og utstyr. Er du løysingsorientert og handterer og trivst med fleire ballar i lufta på same tid? Då er dette jobben for deg.
Frivilligkjøkken
Frivilligkjøkenet er ope for alle frivillige som er på jobb. Kjøkenet har også ansvar for backstage-servering på Førdehuset, og alle som jobbar med produksjonane i idrettshallen.
Billettkontoret
Til billettkontoret treng vi personar som likar sal og å snakke med folk om det som skjer på festivalen. Litt datakunnskap er også bra. Vi har billettkontor i Førdehuset, billettvogn ved Elvetorget og sel billettar på eit par arenaer utanfor Førde.
Artistkontakt
Som artistkontakt er har du ansvar for ein artist så lenge vedkommande er på festivalen. Du passar på at dei kjem til lydprøver og konsertar i rett tid, at dei finn fram til lunsj og middag, og elles har det bra på festivalen.
Konsertarena
Du kan vere arenaansvarleg, vere med på sceneproduksjon, rigg, vakt eller om du er kunstnarleg av deg er blomster-/dekorgruppa absolutt oppgåva for deg.