Når verda strammar seg til og avstanden mellom oss veks, treng vi rom der vi kan vere saman og kjenne på fellesskap. Musikken ber oss dit. Den kryssar grenser utan pass. Den og talar språk utan ord. Sjølv der alt anna stilnar, held musikken fram. Under mørke himlar, gjennom uro og uvisse, finn menneske framleis ein song å halde fast i. Ein song å dele.  

I kveld kjem musikarar frå alle kantar av verda med sine historier og tradisjonar:  
Tarabband er egyptisk-irakiske Nadin Al Khalidi sitt livsverk etter at ho kom som flyktning til Sverige i 2001. Gjennom tekstar med politiske og sosiale tema, ber ho fram eit inderleg ønskje om fred og forståing på tvers av kulturar.  

Musikkensemblet Jawa er vaktarar av ærverdige sufitradisjonar som står i fare for å døy ut på grunn av krigen i Syria. Saman med sin dansande dervish spelar dei for indre fred og ei framtid for ein verdifull kulturarv. 

Daugthers of Donbas sitt prosjekt Songs of Stolen Children er eit vitnesbyrd over den grusomme og pågåande tragedien der over 20 000 ukrainske born har vorte bortførte frå okkuperte område i Aust-Ukraina og til Russland. Dei syng for ein ukrainsk identitet og for håp. 

Seckou Keita med Olav Torget og Åsne Valland Nordli syner oss at den musikalske verda ikkje tek omsyn til landegrenser. Seckou og Åsne var deltakarar i festivalen sitt internasjonale talentprosjekt i 1996. Vårt eige fredsprosjekt der unge musikarar frå heile verda møttest for å skape forståing på tvers av kulturar og tradisjonar.  

Vera Synne og Martin Steinum Brun bergtok millionar av sjåarar over heile verda då dei song på utdelinga av Nobels fredspris i Oslo Rådhus i november.  

Programleiar for fredskonserten er Rima Iraki, velkjend frå Dagsrevyen og Urix, og no aktuell med boka Flukten frå Palestina. Saman med dei fine artistane vil ho gjere fredskonserten til ei oppleving der vi kanskje kan kjenne på kva fred kan vere for kvar enkelt av oss, men og for eit fellesskap. Når vi lyttar saman, deler vi noko meir enn musikk. Vi deler eit håp.  

Og kanskje er det der det byrjar. 


KONSERT

Laurdag 4. juli kl. 20.30
Førdes fredskonsert
Idrettshallen, Førdehuset

Konserten er ein ein del av festivalpasset.