Lajla Storli | Noreg

Stolt tradisjonsberar frå Hardanger 

Felespelaren og folkesongaren Lajla Storli kjem opprinneleg frå Hardanger. Ho er ein stolt berar av feletradisjonen som har vore i familien gjennom fleire generasjonar. -Klangen i fela opnar opp og går djupt. Det melodiøse i slåttane og folkesongane kan vere til glede og trøyst. Det er noko eg sjølv opplever som utøvande musikar, seier Lajla. Ho er oppteken av å formidle musikk frå sjel til sjel, og å syne fram ein tradisjon med røter langt tilbake i tid, og er særleg glad for å spele på Førdefestivalen i år, med Fred! som eit overordna tema. -Musikk er eit språk heile verda forstår, det er vårt fredsspråk, seier ho.  

Lajla Storli deltok på Førdefestivalen sitt internasjonale talentprogram i 1998, og i år er ho invitert tilbake som gjest på Seckou Keita sin jubileumskonsert, saman med ngonispelaren og gitaristen Olav Torget. Koraspelaren Seckou Keita feirar i år 30 år som artist. Han er på toppen av ein imponerande internasjonal karriere, ein karriere som starta med det internasjonale talentprosjektet i Førde i 1996. Dei tre skal også vere med på opningskonserten. 


KONSERT

Laurdag 4. juli kl. 14.30
Seckou Keita m/gjester
Festsalen, Førdehuset

Laurdag 4. juli kl. 20.30
Førdes fredskonsert
Idrettshallen, Førdehuset

Konserten er ein ein del av festivalpasset.

Forrige
Forrige

Kinnaris Q | Skottland

Neste
Neste

La Perla | Colombia