La Perla | Colombia

Kraftfulle stemmer, rå energi og ein rocka attitude 

Perkusjon- og vokaltrioen frå Bogotá i Colombia fann saman i 2014 etter å ha møttest på ulike festivalar i Karibia og ikkje minst bullerengue- og gaita-rueadas, altså dansearrangement i gatene. Kjærleiken til denne musikken og til kulturen og livet den romma, er sjølve essensen for La Perla. Inspirerte av trommer og ulike urfolksinstrument er musikken både eksplosiv, smakfull, gateprega, tropisk bogotansk og eksperimentell.  

Dei byggjer på tradisjonsmusikken frå colombiansk Karibia, men også til rytmar som kling i det større karibiske området. I tillegg kjem det musikalske universet kvar av dei tre ber med seg, og personlege smakspreferansar og impulsar frå urban musikk som dancehall, rap, chucu chucu, champeta, salsa, punk, rock og meir. 

-Dette har ført til at vi eksperimenterer og prøver å skape ein dialog mellom desse musikalske universa, på jakt etter vår eigen lyd. Vi syng om statleg vald, motstanden i gatene, kvinner si verdigheit, den colombianske landsbygda, fest, vennskap, natta, byen og meir – alt som samlar oss og inspirerer oss, seier La Perla.  

Dersom plass: Dei ønsker også å styrke kvinner ved å bryte kjønnsmønster. Tradisjonelt i afro-colombiansk folkemusikk er det mennene som spelar dei «kraftige» instrumenta, som marimba, trommer og gaita. Kvinnene er vanlegvis avgrensa til å synge og/eller spele shakerinstrument – men La Perla har snudd på denne tradisjonen. 

Karen Forero 

Giovanna Mogollón 

Diana Sanmiguel 


KONSERT

Fredag 3. juli kl. 18.00: La Perla
Larris Scene, Scandic

Neste
Neste

Høgemo/Viken | Noreg