Hått | Noreg

“Hått” gammaldans austafrå 

Sidan 1997 har trioen Hått, med Per Anders Buen Garnås, Anders Røine og Nils Øyvind Bergset, levert dansespel av første klasse med utgangspunkt i runddansslåttar i hardingfeletradisjonen. Repertoaret kretsar først og fremst rundt slåttar frå Numedal, Valdres og Telemark, og mesteparten tilhøyrer ein gammal og særeigen type runddansar frå den første tida dei norske bygdedansane og bygdespelemennene møtte impulsar frå Europa.  

Hått er kjende for å ha sin eigen stil både på melodigangar, rytme og måten dei byggjer opp slåttane på. Dei første åra gjorde Hått det skarpt på landsfestivalar i gammaldans og har sidan vore etterspurde både til dansearrangement og festivalkonsertar. I 2009 gav dei ut si første plate. I år, 17 år seinare, kjem oppfølgjaren, og på Førdefestivalen i år kan du igjen svinge deg til den drivande gode dansemusikken til Hått. 

Per Anders Buen Garnås – hardingfele 

Anders Røine – gitarar 

Nils Øyvind Bergset – trekkspel 

KONSERT

Fredag 3. juli kl. 22.00
DANSEGLEDE! - med Hått, HrayBery og Småviltlaget

Festsalen, Førdehuset

 Gratis med festivalpass/billett til Keltisk – og bortanfor! 


Forrige
Forrige

Håkon Hemmer | Noreg

Neste
Neste

Ingrid Sørheim | Noreg