Håkon Høgemo & Erlend Viken | Noreg
«Melodisk hev sogneslåtten eit eige lag til å tumla seg gjennom store intervall, og sluttkadensen kjem ofte noko brått og uventa. Det lydiske draget er særs sterkt i desse slåttane.»
Sterkt og særmerkt slåttespel frå indre Sogn
Håkon Høgemo og Erlend Viken møttest første gong som læremeister og elev ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Høgemo kjem frå Årdal, og har i følgje sikre kjelder – han sjølv – over 1000 slåttar på repertoaret. Viken har vakse opp med tradisjonane frå Oppdal, men fekk straks auga opp for råskapen i læremeister Høgemo sitt spel, og særleg Eldegard-slåttane. Dei to har halde fram som duo, og spelt i ulike samanhengar, og dei spelar også i lag i bandet til Karl Seglem.
No gjev dei ut sitt første album, der dei har dei samla eit godt knippe sogneslåttar, og særleg etter søskena Sigurd og Johanna Eldegard. Slåttespelet frå indre Sogn er kjent som enkelt og kraftfullt, med sterk rytmikk, eller som folkemusikk-samlaren Arne Bjørndal skriv: ‘Melodisk hev sogneslåtten eit eige lag til å tumla seg gjennom store intervall, og sluttkadensen kjem ofte noko brått og uventa. Det lydiske draget er særs sterkt i desse slåttane.’
Håkon Høgemo og Erlend Viken held seg til tradisjonelt samspel, men dreg gjerne harmonikk og rytmikk i utradisjonelle retningar, og det er berre å sikre seg billett til dei skal setje kvarandre i stemne og halde plateslepp i vesle Trapp Ned i Førde. Her blir det trangt om plassen. Duoen vert også å høyre på opningskonserten, der dei har med seg dansaren Vilde Westeng, og laurdag kveld spelar dei til dans i Festsalen i Førdehuset.
Håkon Høgemo - hardingfeler
Erlend Viken - hardingfeler
KONSERT
Torsdag 2. juli kl. 20.00
Opningskonsert
Idrettshallen, Førdehuset
Konserten er ein ein del av festivalpasset.
Laurdag 4. juli kl. 11.30
Plateslepp: Høgemo/Viken
Trapp Ned, Sentrum Sør
Laurdag 4. juli kl. 22.00
Danseglede!
Festsalen, Førdehuset
Danseglede! er gratis for dei med festivalpass eller billett til Opningskonsert