Helga Myhr | Noreg

Folkemusikaren som har ‘alt’

Helga Myhr er siste års vinnar av hardingfele klasse A på Landskappleiken. Med andre ord, nett no er ho den beste vi har på nasjonalinstrumentet vårt – og i tillegg er ho habil både som kvedar og samtidsmusikar. I musikk-kretsar, på tvers av sjangrar, blir det sagt at Helga Myhr ganske enkelt har ALT som musikar.

Ho er oppvaksen i Hallingdal, i den vidgjetne Myhr-familien, med foreldre og søstre som alle driv med folkemusikk og -dans på høgt nivå. Sjølv spelar og syng ho i fleire konstellasjonar, og er ein etablert og ikkje minst etterspurd musikar i fleire sjangrar. I år gjev ho ut soloplate nummer to, med repertoar frå heimtraktene – og særleg slåttar ho har etter Egil Syversbråten, som ho held fram som sin næraste læremeister og inspirasjon. På plata har ho fokusert på slåttar og slåtteformer som sjeldan er i bruk i dag, og på  konserten vil Helga syne fram slåttar ho har arbeidd med frå barndommen av og fram til nyare tid.

Vi gler oss til å høyre Helga Myhr i intime Trapp Ned i Sentrum Sør! Rommet i det vesle gule huset er ein av våre minste arenaer, så her gjeld det å sikre seg billett på førehand.  

Helga Myhr - hardingfeler

KONSERT

Fredag 3. juli kl. 12.30
Tett på: Helga Myhr

Trapp Ned, Sentrum Sør


Forrige
Forrige

Gasper Nali Band | Malawi

Neste
Neste

HrayBery | Polen, Ukraina