Seckou Keita

Seckou Keita - tilbake til Førde

Seckou Keita - tilbake til Førde

Med 700 års musikktradisjon i ryggen

Seckou Keita er truleg den mest inspirerande og innflytingsrike koraspelaren verda har nett no. Ein spesiell og ekstremt karismatisk musikar med 700 års musikktradisjon i ryggen;  Seckou Keita er ein urban tradisjonsbærar, som fører ein musikkarv vidare også med å utfordre grensene i den. 

To gonger før har vi opplevd Seckou Keita i Førde: I 1997 som deltakar i festivalen sitt internasjonale talentprosjekt, og i 2015 på ein magisk konsert i duo med den walisiske harpisten Catrin Finch.

Seckou Keita kjem frå griotslekt i Casamance sør i Senegal. Talentet for kora, den vest-afrikanske harpa med 22 strenger, kom frå morssida, Cissokho-familien. Seckou Keita er nevøen til Solo Cissokho, som skulle spelt på Førdefestivalen i år, men som døydde i mai. Då vi spurde Seckou om å gå inn som erstatning for Solo i Førde, var det ikkje noko han heller ville enn å spele i onkelen sin stad, for å heidre sin gode ven, onkel og sitt idol. -Det var Solo som tok meg i handa og førte meg inn på vegen eg er på no, seier Seckou.

 

Konsertar:

Torsdag 4. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Verda i Førde!
Idrettshallen, Førdehuset

Torsdag 4. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster
Jølstramuseet, Vassenden

Fredag 5. juli kl. 13.30 Seckou Keita
Festsalen, Førdehuset

SenegalTorill Gundersen