SVER

Foto: Tom Gustavsen

Foto: Tom Gustavsen

 

SVER spelar storslagen folkemusikk med hemningslaus energi og forførerisk glød. Frå det draumande lyriske til det djevelsk svingande. Det vert invitert til fest der du vert møtt av ei forlokkande urkraft som dreg deg inn i dansen.

Sidan 2008 har norsk-svenske SVER spelt tallause konsertar på festivalar og klubbscener rundt i Europa. Dei siste fire åra har SVER samarbeidd med den svenske dancehall-artisten Snakka San, og med plata og konserten ‘Snakka San og SVER’ har dei spreidd den nye sjangeren ‘Folkhall’ rundt i heile Skandinavia. Fleire av låtane har vore på dei offisielle radiolistene både i Norge og Sverige.

SVER er Olav Luksengård Mjelva (fele & hardingfele), Anders Hall (fele & bratsj), Leif Ingvar Ranøien (torader), Adam Johansson (gitar) og Jens Linell (trommer og perkusjon). Olav og Leif Ingvar har spelt saman sidan 2002. Vidar Berge vart med på gitar i 2007 og dei gav same år ut plata ”SVER”. Anders og Jens kom med våren 2008. I 2010 kom bandet med si andre plate “Fruen”. I 2010 slutta Vidar Berge og Adam Johansson kom inn i bandet. I 2015 kom SVER si tredje plate “Fryd” som fikk veldig gode omtaler verden over. Tredje plate ‘Reverie’ kom i 2018, og dette var også året då SVER spelte ein forrykande konsert på den store internasjonale musikkmessa WOMEX.

Olav Luksengård Mjelva - fele & hardingfele

Anders Hall - fele & bratsj

Leif Ingvar Ranøien - torader

Adam Johansson - gitar

Jens Linell - trommer, tamburin & gammel koffert

 

Konsertar:

Fredag 5. juli kl. 23.00 RURA / SVER
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

 
Norge, SverigeTorill Gundersen