FOTEFAR & JULIE ALAPNES

Foto: Jo Einar Jansen

Foto: Jo Einar Jansen

 

Vakre melodiar og litt nordnorsk galskap

Landsdelsmusikargruppa Fotefar opplever suksess med musikkarven etter Edvard Ruud. Våren 2017 gav Fotefar ut plata Flygande Kråka får alltid nåkka, og har etter det turnert over store deler av Nord-Norge. To av dei fremste felespelarane i landet toppar bandet, som er kjende for knallsterke arrangement, heftig gitarspel og magisk vokal.

Fotefar og Julie Alapnes har utforska og arrangert ein del av repertoaret etter folkeminne- og folkemusikksamlar Edvard Ruud (1907-2001) frå Elgenes utanfor Harstad. Gjennom eit langt liv og gjennom virket som statsstipendiat (frå 1974), sytte Ruud for at fleire hundre nordnorske folkesongar vart tekne opp og lagra enten hos NRK eller hos Tromsø Museum.

Musikarane ser på plata og konserten som eit heilskapleg verk der låtane er henta frå Edvard Ruud sitt repertoar. Musikken og tekstane inviterer publikum inn i ei surrealistisk verd, der skildringar av nordnorske galskap, vakre melodiar og tragikomiske tekstar går hand i hand. Kulturskatten etter Edvard Ruud Lever.

  

Ragnhild Furebotten - fele, song

Lena Jinnegren - tangentar, gitar, song

Bendik Lund Haanshus - gitarar, song

Julie Alapnes - fele, song

 

Konsertar:

LAURDAG 6. juli kl. 14.00 Fotefar & Julie Alapnes
Festsalen, Førdehuset

Søndag 7. juli kl. 17.30 Fotefar & Julie Alapnes
Jakob Sande-tunet, Dale

 
NorgeTorill Gundersen