Furebotten / Amper / Haltli

 

Gled deg til ny musikk frå kreative Furebotten

 

Ragnhild Furebotten er kjend for dei fleste som felespelar og komponist i bandet Hekla Stålstrenga, men gjennom hennar 18 år som musikar har det heile tida vore viktig for ho å gjere eigne soloprosjekt. Ragnhild likar å tenkje nytt, tenkje ut nye musikalske konstellasjonar og har alltid hatt fokus på å skape seg ein tydeleg eigenart og ei tydeleg stemme i det nordiske folkemusikklandskapet. Hittil har det vorte 15 eigne plateinnspelingar. I tillegg har ho spelt på fleire plater for andre artistar.

Repertoaret på denne konserten er musikk Ragnhild Furebotten har komponert i løpet av dei fem siste åra; ein periode då livet hennar har teke mange bråe vendingar. Dette blir musikk på godt og vondt. Med seg har ho svenske Emilia Amper på nøkkelharpe og Frode Haltli på trekkspel. Sistnemnde har eit Furebotten samarbeidd med i mange år, medan samarbeidet med Emilia Amper byrja med eit 8. mars-arrangement på Riksscenen i 2014.

Ragnhild Furebotten - fele

Emilia Amper - nøkkelharpe

Frode Haltli - trekkspel

 

Konsertar:

Torsdag 4. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Verda i Førde
Idrettshallen, Førdehuset

Fredag 5. juli kl. 13.30 Furebotten/Amper/Haltli
Teatersalen, Førdehuset

 
NorgeTorill Faleide