Aynur

Aynur er eit moderne kurdisk musikk-ikon som med eineståande stemmeprakt og stor musikalsk innleving har oppnådd stjernestatus langt ut over dei kurdiske og tyrkiske miljøa i Europa og resten av verda. Ho har eit stort spenn i repertoaret sitt, frå dei vakraste balladar til drivande danselåtar.

Gjennom musikken sin har Aynur gjeve nytt liv til kurdiske folketonar, mange av dei meir enn 300 år gamle.  Tekstane handlar om kvardagsliv, og sorger og gleder hos det kurdiske folk, særleg med fokus på kvinnene sine usle kår. Aynur har dei siste åra turnert dei store konsertscenene og festivalane i Europa. Ho mottek prisar for musikken sin, (Berklee Award i 2017) og for måten ho formidlar kurdisk kultur på. Aynur er ein gnistrande songar, som strålar på scena, er eit audmjukt forbilde for yngre kurdiske artistar. Det er berre å glede seg til eit møte med kurdisk musikk frå øvste hylle!

Aynur følger opp suksessen til kurdiske artistar som Nishtiman og Sivan Perwer, som tidlegare har teke Førdefestival-publikummet med storm.

Aynur - vokal
Emre Gültekin –  saz, divan
Alex Simu – klarinett
Franz Von Chossy – piano
Kristijan Krajancan – trommer


Fredag 6. juli  kl. 11.30 Møt artisten: Aynur
Utstillingssalen, Førdehuset  
fri ENTRé


      

Fredag 6. juli kl. 15.00 Aynur
Larris Scene, SSH - Scandic Sunnfjord Hotel & Spa


Laurdag 7. juli kl. 20.30 Festivalgalla
Idrettshallen, Førdehuset

Forrige
Forrige

Audun Stokke Hole alias Audinho da Vitrola

Neste
Neste

Barokksolistene - The Alehouse sessions