Audun Stokke Hole alias Audinho da Vitrola
Audinho da Vitrola blei påtenkt i Bergens folkedansmiljø og unnfanga på danskebåten, vaks opp i asfaltjungelen og blei fødd på ny rundt eit leirbål i Brasil. Som DJ speler han musikk med færrast mogleg akkordar og flest mogleg rytmiske lag, ikkje sjeldan med røter i Afrika og middelhavsområdet. Han ser fram til å spele for dansande natteranglarar på Noregs beste festival, og kjem garantert til å setje på ein veldig lang vestafrikansk låt så han kan få dansa litt sjølv!