Djønne & Børsheim

Hardingduo som elskar å spele for born

Folkemusikarane Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim, begge frå Hardanger, har eksistert som duo i snart ti år og spelt hundrevis av konsertar saman på ulike scener I inn- og utland.

Børsheim kjem frå solide folkemusikktradisjonar I Hardanger, og har skapt sitt eige uttrykk inspirert av mellom anna dei britiske øyer. Djønne på si side, reiste heim og fann inspirasjon i heimlegehardingfeleslåttar. Ein stad på midten fann dei to kvarandre, i lynne, som komponistar og som utøvarar. Saman skapar dei musikk og tekstar både I tradisjonelle og nye former.

I 2012 gav dei ut si første plate, Toras Dans – populærmusikk frå Hardanger, til strålande mottaking hos publikum og presse. Dei siste to åra har duoen mellom anna turnert for Rikskonsertane på skular i Hordaland og Rogaland. Å spela for born er noko av det mest gjevande duoen gjer, så dei gler seg veldig til å spela for nokre av dei yngste publikummarane under årets Førdefestival.
 

Rannveig Djønne - torader
Annlaug Børsheim – fele, gitar, vokal

 

Konsertar:


Onsdag 6. juli 09.00    Morgonstund har gull i munn
Solsida barnehage, avd. Haugum - Solsida barnehage

Fri entré

Torsdag 7. juli 09.00    Morgonstund har gull i munn
Nærleiken barnehage - Nærleiken Barnehage

Fri entré

Fredag 8. juli 09.00    Morgonstund har gull i munn
Tussero, Vieåsen barnehage 

Fri entré

Fredag 8. juli 21.00    Columbi Egg
Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa