Dreamers’ Circus

Dreamers' Circus

Dreamers' Circus

- Folkmusik i världsklass! (Värmlands Folkblad)

Dansk folkemusikk blir meir og meir oppfatta som ein del av vår samtid, og på same tid får eit nytt, yngre og større publikum augene opp for sjangeren. Meir enn å vere eit resultat av denne utviklinga, er den akustiske trioen Dreamers’ Circus ei av dei viktigaste kreftene bak den.

Dreamers’ Circus er kombinasjonen av ungt talent, teknisk briljans og ein modig kunstnarleg visjon. Ved å sjå tradisjonen som eit utgangspunkt, men inga tvangstrøye, satsar dei friskt på å ta moderne nordisk folkemusikk ut til eit større internasjonalt publikum.  Dei elskar tradisjonsmusikk, men tillet seg å leike og å drøyme. Dreamers’ Circus har skapt sitt eige lydbilde og spelt inn to plater; A little Symphony (2013) og Second Movement (2015). Så langt har dei inkassert fleire prestisjetunge musikkprisar i Danmark og ikkje minst gjort seg bemerka med fantastiske konsertar.

Ale Carr - cittra (mandolin)
Nikolaj Busk – piano, trekkspel
Rune Tonsgaard Sørensen – fele

Konsertar: 


Laurdag 9. juli 23.00 Festivalnatt: Dreamers’ Circus, Navarra, Mamar Kassey og Noency Mosquera & El Bongo de Bojayá
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa



Søndag 10. juli 17.00 Dreamers’ Circus
Fjordamattunet, Vassenden