Unni Løvlid

 

Unni Løvlid frå Hornindal er ein av våre mest ettertrakta folkesongarar. Ho har sine røter i folkemusikken, men har i heile sin karriere også arbeidd med samtidsmusikk. Ho er kjend som ein modig musikar, og har gjeve ut fleire plater i grenselandet folkemusikk-samtidsmusikk.  Ho har gjort konsertarbeid med mellom andre støyduoen Fe-Mail, og på eksamenskonserten sin ved Norges Musikkhøgskole framførte ho Schønbergs «Pierrot Lunaire» frå 1912. I dag har Unni Løvid heile verda som arbeidsplass, og er ein sterk eksportartikkel for norsk folkemusikk.

Sidan Førdefestivalen starta har Unni Løvlid stått på scena her som songar, solist, konferansier, som aktør i større og mindre prosjekt, som jubileumsartist, som tingingsverkartist og med barnekonsert. 

I år har ho endeleg fått tid og rom til å gjennomføre draumeprosjektet sitt, Vocal ConneXions, der eit knippe sterke europeiske stemmer samlast for å utforske og utfordre felles stiltrekk i vokaltradisjonar i Europa. Resultatet av produksjonen vert framført under årets kyrkjekonsert på festivalen. Med seg i produksjonsprosessen har dei ingen ringare enn Grete Pedersen, kunstnarleg leiar for Det Norske Solistkor.  Så det er med frydefull forventning vi ser fram til konserten der store vokalkapasitetar set kvarandre i stemne: Unni Løvlid, Julie Fowlis (UK), Annie Ebrel (FR), Gergana Dimitrova (BG) og Ulla Pirttijärvi (FI). I tillegg har dei med seg Håkon Thelin på bass.

 

Unni Løvlid picked up folk singing from her mother who was a collector of traditional music in the Nordfjord area in Western Norway. Løvlid has contributed to a long list of records, mostly performing traditional material, but also other genres, especially contemporary music. She has also collaborated in many projects with musicians from different countries around the world.
 



Konsertar:

Forrige
Forrige

Villniss: Årstidene