Med ei stemme som har ein heilt unik klang og presisjon har ho opna opp for bretonsk song både i Frankrike og resten av verda.
Read MoreMed duoen Catrin Finch og Seckou Keita har festivalen sikra seg to at dei heitaste namna på den internasjonale verdsmusikkscena. Keita er griot med røter til store musikarslekter både i Mali og Senegal, og ein av dei fremste utøvarane på den vestafrikanske harpa, kora. Finch er harpe-dronninga i Wales, der harpa er det mest walisiske av alle instrument.
Read MoreDet er tradisjon, men også nyskaping og leik, når oud-magikaren frå Marokko inviterer publikum på ei ny spennande reise, med stor musikalitet, virtuos teknikk, usvikeleg presisjon og smittande speleglede.
Read MoreEmilia Amper kjem frå Torsås i Småland, og byrja å spele nyckelharpe som 10-åring. No er ho musikar og komponist, og turnerer verda over både solo og saman med musikarar frå andre musikktradisjonar og musikksjangrar.
Read MoreFiddlers’ Bid er eit forrykande band som held i hevd den rike feletradisjonen frå Shetland. Sidan 1991 har deira tette og heftige spelestil gjeve dei eit stort internasjonalt publikum.
Read MoreMed denne nye framsyninga som får verdspremiere under Førdefestivalen vert det både danseglede, hardingfele – og noko du aldri har sett før!
Read MoreOppveksten i Svidalen, midt i det rike folkemusikkmiljøet i Jølster, dannar grunnlaget for Gro Marie Svidal si karriere som allsidig, kreativ og hardtarbeidande folkemusikar.
Read MoreHåkon Thelin er kjend som ein av verdas fremste formidlarar av ny musikk.
Read MoreDå Disney Pixar jakta på den perfekte, autentiske stemma for tittelsongen til Brave-filmen (Oscar, Golden Globe og BAFTA), fall valet ikkje overraskande på Julie Fowlis, ein av dei verkelege store skotske songstjernene.
Read MoreMurad Ali Khan ein av dei leiande unge sarangimusikarane som no løftar fram sarangitradisjonen og gjer at dette særeigne instrumentet igjen kjem til heider og ære.
Read MoreDet mest kjende folkemusikkbandet frå Korea. Det som starta i 1993 med eit ønskje om å skape ein ny og moderne kombinasjon av koreansk folkesong og høgintensiv perkusjon, har vorte krona med suksess både i heimlandet og internasjonalt.
Read MoreEin meister på gadulka, det bulgarsk tradisjonsinstrumentet med understrenger, som den norske hardingfela.
Read MoreNår Ulla Pirttijärvi-Länsmann joikar ulven, eller gumpe som det heiter på hennar samiske dialekt, er det som du høyrer ulven ule og skjelle....
Read MoreUnni Løvlid frå Hornindal er ein av våre mest ettertrakta folkesongarar. Ho har sine røter i folkemusikken, men har i heile sin karriere også arbeidd med samtidsmusikk.
Read More