Foto: Emilie Hjartholm
Første RaspeKlubb blei utseld. No vil Førdefestivalen og Teater Vestland gjere folkemusikk og folkedans til ein fast del av utelivet i Førde.
Det var tett på dansegolvet då RaspeKlubb opna dørene for aller første gong i september. Nokre kunne folkedans frå før. Andre prøvde seg for første gong. Felles for dei var at dei kasta seg ut i det.
Det var over all forventning. Tett, sveitt og feitt!
Sølvi Lien, direktør i Førdefestivalen, legg ikkje skjul på begeistringa etter premieren.
– Det var så gøy å sjå alle som kasta seg ut på dansegolvet, prøvde det dei hadde lært på kræsjkurset, eller berre leika seg og hadde det moro.
No er det klart for ein ny runde 30. oktober. Og planen er at det skal bli fleire.
Folkemusikken møter klubbkulturen
RaspeKlubb er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Teater Vestland, inspirert av konsept som Tuvas Blodklubb i Oslo og Klubb Komle i Bergen.
Her møter hardingfele, munnharpe og trekkspel elektroniske rytmar, bass og DJ. Kvelden startar med folkedans og levande musikk, før lyset blir dempa og klubbstemninga gradvis tek over.
– Folkemusikken er den same, men når vi legg til basslinjer, beats og elektronikk, blir rytmikken og grooven løfta endå meir fram. Då tek det av på dansegolvet. Denne musikken er som skapt for klubb! seier Lien.
Ho ønsker at RaspeKlubb skal vere ein stad der folk kan oppdage folkemusikken utan å kjenne til han frå før.
– Vi vil gjere det lågterskel å gå ut på byen i Førde og danse. Utan å kunne noko som helst. Berre bli tatt med inn i ei ny verd.
Ein fest publikum skaper sjølve
For teatersjef Aslak Moe ved Teater Vestland handlar RaspeKlubb om meir enn musikken.
Han var sjølv med på oppstarten av Klubb Komle og tok med seg entusiasmen derfrå inn i samarbeidet i Førde.
Folk er med på å bygge opp festen sjølve. Dei deltek, dansar saman og blir ein del av noko større. Det er det motsette av individualisme.
Og kanskje er det nettopp dette som gjer RaspeKlubb litt annleis enn ein vanleg kveld på byen. Her er ikkje publikum berre tilskodarar. Dei er med på å skape festen.
Den første kvelden samla folk i ulike aldrar, med ulik bakgrunn og erfaring frå dansegolvet.
Vil gjere Førde til ein kulare plass å bu
Etter den utselde premieren ønsker Førdefestivalen og Teater Vestland å etablere RaspeKlubb som eit fast konsept.
For Moe handlar det også om kva slags by Førde skal vere.
– Vi har gjort noko riktig når folk kjem og har det gøy. Vi vil vere med på å gjere Førde til ein kulare plass å bu, seier han.
Lien håpar samtidig at fleire skal få auga opp for energien som ligg i folkemusikken.
– Folk som aldri ville gått på ein tradisjonell dansefest med taklys og kaffiservering, kan kjenne seg heime her. Vi set dørene på vidt gap inn til folkemusikken og folkedansen.
Klar for runde to
Fredag 30. oktober er RaspeKlubb tilbake på Teater Vestland. Det blir levande musikk, folkedans og klubb, med DJ Sissyfus bak spakane.
Og når dansegolvet har gjort sitt, ventar nattmat frå Signes Raspeball.
Førre gong blei det fullt hus. No er det berre å finne fram danseskoa igjen.
RaspeKlubb – fredag 30. oktober på Teater Vestland.

