Ho skal få fleire til å oppdage Førdefestivalen

Foto: Jostein Vedvik

Førdefestivalen har fått ny marknads- og kommunikasjonssjef. Kristine Eriksrød er på plass – og vil få fleire til å oppdage festivalen og gjere vegen frå «dette ser spennande ut» til «eg må vere med» litt kortare.

Kristine Eriksrød starta som marknads- og kommunikasjonssjef i Førdefestivalen 1. september. Ho har bakgrunn frå marknadsføring og strategisk kommunikasjon, mellom anna frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane og Compass Group.

No skal ho bruke erfaringa si på ein festival ho meiner har mykje å spele på.


Førdefestivalen har noko veldig mange merkevarer skulle ønske dei hadde: ei sterk historie, ein tydeleg identitet og opplevingar du faktisk ikkje får andre stader.


– Samtidig trur eg vi har eit stort potensial i å vise endå fleire kva festivalen er i dag, og kvifor dei bør vere ein del av han, seier Kristine.

Fleire skal få auga opp for Førdefestivalen

Som marknads- og kommunikasjonssjef får Kristine ansvar for marknadsføring, kommunikasjon, pressearbeid, digitale flater og samarbeid med festivalen sine partnarar.

Eit av måla hennar er å nå fleire av dei som kjenner til festivalen, men som enno ikkje har funne vegen inn.

– Vi skal sjølvsagt ta godt vare på dei som allereie er glade i Førdefestivalen. Men eg har også lyst til å nå dei som kanskje tenker at festivalen ikkje heilt er for dei. Eg trur mange hadde blitt overraska om dei visste kor mykje forskjellig som faktisk skjer i løpet av dei dagane.

Ho meiner ikkje løysinga nødvendigvis er at Førdefestivalen skal rope høgare.

– Vi må heller bli flinkare til å vise fram det vi har. Folka, musikken, dansen, stemninga og alle dei litt uventa møta som oppstår i løpet av festivalen. Vi sit på utruleg mykje godt innhald, og eg har lyst til at fleire skal få sjå det.

Framleis Førdefestivalen

Kristine bur sjølv i Førde, men opplevde Førdefestivalen for første gong så seint som i sommar. Det gav ho eit nytt blikk på kva som skjer med byen når festivalen tek plass.

– Det er eigentleg ganske spesielt. Artistar og publikum kjem til Førde frå heile verda, og i nokre dagar skjer det ting overalt. Eg har lyst til at fleire som bur her skal kjenne at dei vil vere ein del av det.

Samtidig er ho oppteken av at utviklinga skal skje på Førdefestivalen sine premissar.


Vi skal ikkje bli noko anna enn Førdefestivalen.


– Vi har sterke røter og ei historie vi skal vere stolte av. Men vi kan utfordre oss sjølve på korleis vi formidlar det, kvar vi møter folk og kva vi gjer for å få nye publikummarar inn døra.

Og etter den første tida i jobben?

– Eg har allereie skjønt at det ikkje kjem til å bli kjedeleg. Det passar meg veldig fint.

Neste
Neste

Kronprinsessa er vår høge beskyttar i 5 nye år